- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
14

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 4. Den kroppslege vokster og det kroppslege tilstand hjå barnet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

14

4. Den kroppslege vokster og det kroppslege
tilstand hjå barnet.

Kroppsbygnaden hjå barnet er i visse ting ulik byg*
nåden hjå den vaksne. Dersom ein vaksen hadde dei
samhøva millom dei ymse kroppsdelar som me finn hjå
det nyfødde barnet, so vilde me få sjå eit menneske med
eit ovstort hovud, men likevel med berre lite andlet. Bulen
vilde vera noko lang, men armane og føtene so svært stutte
og granne. —

Hjå det nyfødde gutebarnet er hovudhøgda V4 av heile
lengda eller høgda på barnet. Hjå den tvoårige guten er
hovudet V5» hjå seksåringen Ve, hjå tolvåringen */’, hjå
femtenåringen og hjå den vaksne V8 av heile høgda,
når voksteren er normal. — Hjå det nyfødde barnet er
føtene berre litegrand over Vs av kroppslengda; hjå den
vaksne er samhøvet som 1 :2.

Som det er med gutane, so er det og med gjentene.
Skilnaden er berre den, at gjentene vert eldre enn gutane
fyrr dei kjem burt frå barnetypen. Kroppsleg er kvinna i
so måte i lenger tid barn enn mannen.

Barnet veks ikkje like snart til alle tider. Det gjeld
anten ein går ut frå vekt eller lengd.

Mest veks barnet fyrste året. (Eit undantak kann det
vera med vektvoksteren i det 16. året). Professor Axel Johan*
nessen segjer, at nyfødde born hjå oss er vanleg 47—52
cm. lange. I dei tvo fyrste månadene aukar lengda med
8 cm., i dei tre næste med 6 cm., frå 6.—10. månad 5 cm.,
og 11. —12. månaden 3 cm. Fyrste året veks soleis eit friskt
barn gjerne kring 22 cm.

Eit nyfødt barn veg kring 3500 gr.; sjeldan er tyngda
over 5000 gr. Gutane er oftast noko tyngre enn gjentene.
Dei fyrste 2—3 dagane letnar barnet med frå 1/i6 til 1/u
av den kroppstyngda det hadde då det var født, altso med
170—220—250 gr. Men so tek det til å verta tyngre att, og
når det er åttedag=gamalt, har det vanleg fått att den tyngd

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0016.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free