- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
19

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 4. Den kroppslege vokster og det kroppslege tilstand hjå barnet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

19

Kor snart mennesket veks og kor tidleg det vert fullt
utvakse, det heng mykje saman med folkerase og natur*
vilkår. Folk som bur i dei varmare land, veks mykje
snarare enn dei som bur i dei kaldare, veit me. Men det
ligg utanfor det me kann tala um her.

Det syner seg og at det økonomiske tilstandet i hei*
mane har mykje å segja for den kroppslege vokster hjå
borna som veks upp. Fattigfolks born står gjerne kropps*
leg mykje tilbake for born frå velstandsheimar. Serleg
er dei oftast magrare, og so er dei lettare i vekt etter
alderen. Ein tyskar meiner jamvel å ha funne ut, at
kroppstyngda hjå borna står i samhøve med kor dyre
skular foreldra ser seg råd til å senda borna på. I
Leipzig er det so, segjer han, at dei er tyngre etter alderen
dei born som går på skular der skulepengane er 18 mark,
enn dei born som går på skular der dei betalar 9 mark.
Ja, ja, tyskarane er no svære til å vilja laga reglar, teoriar.
Kanskje er det so med denne mannen og. Men tvillaust
er det sant at levevilkåra har stor innverknad på kropps*
voksteren hjå borna.

Me har no tala um korleis det er med vekt* og lengde*
voksteren i det store og heile til dei ymse tider. No skal
me nemna litegrand um korleis det er med ymse viktuge
indre kroppsorgan og den verksemd som er knytt til dei.
Og dessutan eit og anna um det fysiske liv hjå barnet.

Hjarta arbeider noko annarleis hjå barnet enn hjå
den vaksne. Pulsen slær i medeltal i minutten hjå fri*
ske born:

i 5— 8 årsalderen 85 slag hjå gutane, 93 slag hjå gjentene
8-12 - 79 — - 92 -

14-21 - 76 — 82 -

Arbeidet er etter måten større for hjarta hjå eit barn
enn hjå ein vaksen. Men blodtrykket i årane er mindre,
for barnehjarta er sjølv lite, medan blodårane er etter
måten store. Det er i overgangsalderen, i pubertetsåra,
at hjarta veks so sterkt. I dei åra vert hjarta umlag

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0021.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free