- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
22

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 4. Den kroppslege vokster og det kroppslege tilstand hjå barnet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

22

å fåj. So kjem det nokre år då hjernen veks etter må*
ten mykje seinare (frå 5—12 år). Men so tek det ein
sterk vokster til att.1 Hjernen veks ikkje lite i tyngd,
det er det eine. Men meir å leggja merke til er det at
hjernen no vert so mykje meir ferdiglaga i smått og stort.
Trådane i hjerneborken skil seg tydelegare ut frå kvar*
andre. Og kvar får liksom sitt visse arbeid å gjera, si
uppgåve å løysa.

Saman med denne utskiljing, differensiering, vert det
og til ei avmåting og tilpassing soleis at det kann verta
eit større samarbeid millom dei ymse hjerneluter enn det
har vore fyrr. Det vert til sambindingstrådar i uteljeleg
mengd so heile hjernen kann samverka.

Korleis denne utskiljing og samverking går for seg i
det einskilde, det er ein løyndom for oss. Men at her er
ein vedunderleg verkstad, det er visst. Og at denne verk*
staden fyrst vert innreidd til gagns i overgangsalderen,
pubertetsalderen, det veit me og. (At hjernen og avmåter
seg i ymse ting etter arbeidet seinare, det er vel og so.
Men det kann me ikkje tala um her).

På same måte som hjernen veks i tyngd til kring
20*årsalderen, veks og hjerneoverflata. Um det ikkje er
påvist noko samhøve i det einskilde, so er det i alle fall
samhøve i det store og heile. Hjernen får etter vekta ei
ovleg stor overflate, for ho er so rukkut. Overflata er i
medeltal kring 2000 cm2.

Det ytre laget i hjernen er grått på lit, veit me. Det
er berre kring 3 mm. tjukt. Men då overflata er so stor,

1 Ein vitskapsmann har funne at hjernen i medeltal veg 338 gr. hjå
gutane og 283 gr. hjå gjentene med same dei er fødde. I 14*års*
alderen veg hjernen hjå gutane 1302 gr. og i 2<Mrsalderen 1374
gr. (Millom 20-30 år 1357 gr., 30-40 år 1360 gr., 40- 50 år
1352 gr. og seinare, serleg etter 70*årsalderen, minkar hjernen
endå meir. Dei motsvarande tal for kvinna sitt vedkomande
sette han til: 20 år 1244 gr., 20-30 år 1238 gr., 30 -40 år 1218
gr., 40-50 år 1213 gr.)

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0024.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free