- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
23

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 4. Den kroppslege vokster og det kroppslege tilstand hjå barnet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

23

so vert det grå laget ikkje so lite stor part av hjernen
lel. Dette laget er bygt upp av berre smårom, hjerne*
celler. Og det er til desse sellene at sjelelivet ser ut til
å vera knytt. ’

Med det same barnet er født, er skilnaden på den
grå og den kvite luten av hjernen langtfrå so stor som
seinare. Endå er det berre dei luter som har med sjølve
den fysiske livsrørsla å gjera, som er arbeidsføre. Og dei
finn ein i det heile i nedste luten av hjernen. Dei luter
som det høgre medvitslivet og tankeverksemda er knytt til,
er endå uferdige. Etter måten er og berre få sambindings*
trådar brukføre. — Den øvsten parten av hjernen er det
som det høgre åndsliv i serleg mun er knytt til. Men denne
delen vert ferdiglaga seinare enn den nedste parten.

Dei ymse sj ele verksemd er er knytte til visse plassar i
det grå hjernelaget soleis at den eine plassen kann ikkje
byta for den andre. Er den delen av hjernen som eit
visst arbeid eller ei viss verksemd er knytt til, ikkje fer*
diglaga, eller han er skadd so han ikkje kann gjera teneste,
so er det og gjeve at den verksemda kann ikkje koma i
stand på nokon måte. — Det er soleis på ein viss plass
i hjernen at synsmeldingane vert mottekne, på ein annan
plass høyrslemeldingane. Frå ein tridje plass vert det
sendt påbod til høgre handa, frå ein fjerde til vinstre
foten o. s. b. Med den kjennskapen ein no har til hjernen,
er det råd å laga eit kort over hjernen, og på det kor*
tet kann ein merkja ut dei ymse plassar for dei ymse
verksemder.

Men det sjelelege arbeid er oftast so mangslunge at
store luter av hjernen vert tekne i bruk på ein eller
annan måte samstundes. Me kann tenkja oss at eit års*
gamalt barn og eit vakse menneske — båe tvo — dei ser
eit eple på eit tre i hagen. Den vaksne han kann vel
ikkje berre sjå eplet; han vil og kunna koma til å tenkja
på um eplet er moge eller ikkje. Han hugsar at mogning
og fargeskifte i visse måtar fylst åt, so fargen kann varsla
um mogning. Men skal han kunna tenkja so mykje,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0025.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free