- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
25

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 4. Den kroppslege vokster og det kroppslege tilstand hjå barnet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

25

det noko merke på at barnet er vondt i den vanlege mei*
ning av ordet.

Ein ting til høver det å peika på her i samanheng
med det som me no har sagt um barnehjernen. Me kann
peika på so mange centra: for synskjenning, smakskjen*
ning, ljodkjenning, rørslekjenning o. s. b. Men me kann
ikkje peika på centret for vitet, intelligensen. Vitet syner
seg nett ofte i samspelet millom dei ymse sjelsovringar.
Tilfanget vert teke frå alle kantar. Dei ymse hjelpekjel*
der vert utnytta. Vitet syner seg då i den beste utnytting
av dei skattar ein alt har. Men då vert kanskje snart
heile hjerneyta (overflata) sett i verksemd, ikkje berre ein
einskild, eller nokre få einskilde plassar. Og kvar plass
er med og gjev sitt tilskot til det resultat, den endelykt,
som ein tilslutt stoggar med. Intelligensen har soleis på
ein måte snart sagt heile hjernen til sin reidskap, når
hjernen har vorte ferdiglaga. Men soleis er ikkje barne*
hjernen. Ei og onnor verksemd som ikkje heng saman
med so mange andre verksemder, og der det ikkje vert
bruk for nokor serleg tenkjing, kann gå lett og snart.
Soleis er det med all sansing t. d. Men til meir mang*
slungne verksemder som krev ein samanliknande og vel*
janae tanke, til dei slag arbeid er ikkje det unge barnet
utrusta med dei naudsynlege organ.

Det er rimeleg at det er ikkje råd å gjera seg nokor
viss meining um vitet hjå ein levande skapning berre
med å gå ut frå hjernetyngda. For det er ikkje visst
at den tyngste hjernen og er den som er best organisert.
Det stadfester og dei vitskaplege etterrøknader. Sume dyr
har tyngre hjerne enn mennesket. Elefanten sin hjerne
veg kring 4500 gr., og dei ymse slag kvalar skal ha hjernar
som veg frå 2000 til 6000 gr. Men klokare enn menne*
sket er dei nok ikkje lel. Likevel er det visst so, at
det er noko samanheng millom stor hjerne og stor in*
telligens. Dei dyr som står høgst når det gjeld ånds*
givnader, som t. d. hesten og hunden og elefanten, har og
etter måten stor hjerne. Og dei dyr som står sers lågt,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0027.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free