- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
26

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 4. Den kroppslege vokster og det kroppslege tilstand hjå barnet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

26

og som syner liten intelligens, har sers liten hjerne. Men
aller lægst står dei dyr som ikkje har nokon hjerne, noko
centralorgan. Der det ikkje finst hjerne, finn ein heller
ikkje merke på at det einskilde dyret kann avmåta seg
på nokor vis etter dei ytre tilhøve. Individuell tilpassing
vert ein ikkje var.

Det er dette um evna til å avmåta si verksemd etter
nye tilhøve som ein då tek til merke på intellektuelt
sjeleliv. Men at eit dyr ikkje greier å avmåta si verk*
semd etter dei ytre tilhøve, vil ikkje segja at det ikkje i
nokon måte kann gjera formålstenleg arbeid. Ei padde
som ein tek og skjer hjernen utor hovudet på, lever og
krabbar likevel. Um ein legg ei slik hjernelaus padde på
ei fjøl og vender fjøla so padda kann detta ned, so vil ho
krabba over fjølkanten, so ho kann få vera på oversida
av fjøla. Men alle slike verksemder som ei slik hjernelaus
padde kann taka til med, det er sovorne som forfederne
har gjort uppatt endelaust mange gonger. Ei ny og heilt
ukjend hindring eller ein ny vanske greier ikkje ei hjerne*
laus padde, og ho vil aldri koma til å greia det. Ho
kann aldri læra av ill røynsle, trur dei. Det kann berre
den padda som har sin paddehjerne. Og berre hjå ei
slik padde kann ein viss utløysingsmåte eller ei viss åtferd
festa seg og verta innarbeidd.

Skal ein gjera nokor slutning frå hjernevekt til in*
telligens, so må ein taka noko umsyn til kroppsvekta og,
meiner mange. Samhøvet millom kroppsvekt og hjernevekt
skulde gjeva oss ei meining um kor høgt dyret står ånde*
leg. Men det slær nok ikkje til, syner røynsla. Samhøvet
er for mennesket (etter A. Lehmann) 1 : 35, hesten 1:450,
sauen 1 : 350, hunden 1 : 250, rotter 1 : 28, mus 1 : 50, song*
fuglar 1 : 12. Etter dette skulde songfuglane vera mykje
klokare enn mennesket.

Alfred Lehmann meiner at sjelelivet si utvikling er
beint fram samsvarig (proportionalt) både med hjerne*
vekta og med samhøvetalet millom hjernevekt og kropps*
vekt. Kallar ein hjernevekta h og kroppsvekta k, so skulde

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0028.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free