- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
27

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 4. Den kroppslege vokster og det kroppslege tilstand hjå barnet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

27

h.j- = k~ gjeva oss ei meining um kor åndeleg høgt

h2

dyret stod. Lehmann set upp denne talrekkja f°r~jjr hjå:

mennesket 38.9, orangutangen 7.8, elefanten 6.o, hesten
1.5, oksen 0.56, kvalen 0.43, løva O.42, småfuglane O.n,
kaninar O.03.

Nyttar ein denne formelen og for barnet, so finn ein
at det står nær dei »menneskelignande« apane for det
fyrste, men veks seg lenger og lenger frå dei og kjem
som vakse menneske langt fram um alle andre skapningar
me kjenner, ser me. — Denne formelen ser og ut til å høva
på ein måte bra med dei røynsler som me gjer um kor
mykje eller lite vit dyra legg for dagen.

Det har vore mykje på tale um det er soleis, at det
mennesket som har tung hjerne, og har stor åndsgivnader,
og at ein lett hjerne difor kunde tyda på små evner.
Tyskaren Bischof? meinte det. Han hadde funne at mannen
i medeltal hadde ein 1350 gr. tung hjerne, men kvinna
laut lata seg nøgja med berre 1250 gr. Av det drog
Bischof? den slutning at kvinna lønte det seg ikkje å
kosta høgre daning på. Ho var uskikka til det. Men
— som det står i »Hundemordet«, »så skulde dette uheld
treffe« at då Bischof? døydde og hjernen hans vart vegen,
då viste det seg at den vog berre 1245 gr. Og då no
B. hadde vore ein sers evnerik mann, so kom han sjølv
til å motprova si eiga lære.

No er det visst at sume ovleg evnerike menneske har
og havt ein sers tung hjerne. Ein ser ofte nemnt at
Schillers hjerne vog 1785 gr. og Byrons 1800 gr., Cuviers
1830 gr., Turgenjevs 2000 gr. Men so veit ein og på den
andre sida at slike som Rafael og Gambetta hadde hjernar
som ikkje eingong var medels tunge. Den tyngste hjerne
nokon veit um trur eg, skulde vega 2222 gr. Det var ein
tyskar som hadde havt ein so tung hjerne; men han hadde
ikkje på nokon måte synt seg å vera over det vanlege.

Kjem hjernetyngda hjå eit vakse menneske under

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0029.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free