- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
33

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 4. Den kroppslege vokster og det kroppslege tilstand hjå barnet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

33

både med det same skuleåret tek til og når det sluttar.
Og har då både høgd og tyngd auka munaleg, so må ein
vel kunna slutta at skulen ikkje har gjort so stor skade.
Men endå veit ein ikkje kva voksteren vilde ha vore, um
ikkje barnet hadde gått på skule. Likevel er ein verre
stelt når ein ser at barnet eit år har vakse lite. Det ligg
då so nær å tru at det er skulelivet som er årsaka. Men
det kann lel vera gale tenkt. For barnet veks rykkevis,
veit me. Og det er rådlaust fyreåt å setja upp faste
reglar for voksteren hjå det einskilde barnet. Er no
barnet i ei vokster*kviletid, so vil aukinga vera lita reint
naturgjeve. Og då kann ein ikkje vita kor stor skade
skulen har gjort.

Likevel må me segja at dei etterrøknader som har vore
gjort, har lært oss at skulearbeidet kann vera ei hindring
for den kroppslege vokster hjå mange born i alle fall. På
skular i Bøhmen har dei funne at fyrste skuleåret (7—8
år) har 21 % av elevane letna, sume jamvel upp til 3
kg.; og hjå 25 % har det vore plent stillstand. Og då må
ein trygt kunna segja at den naturlege vokster er hindra i
stor mun.

Mange meiner at skulen i vårt land er ordna soleis at
det er teke alle rimelege umsyn til barnet si helse. Um det
og verkeleg er tilfellet, skal me ikkje dryfta so mykje i
denne boka. Berre det vil eg knyta til her: folk meiner
ofte at friminuttar og skuleferie er helst for å gjera arbei*
det lett og makeleg for læraren. Og han kann so visst
trenga det han og. Men borna treng det like mykje. Av
umsyn til barnet — både kroppsleg og sjeleleg — er det
visseleg ikkje rådleg å gjera dei stuttare enn dei er.

Den vitskaplege gransking av barnet både når det
er helsugt og når det er sjukt, ser ut til å visa, at nett
i dei tider, då den kroppslege voksteren er sterkast, då
har og barnet minst motstandskraft mot (serleg visse slag)
sjukdomar. Det er og noko som ein jamvel vert tvinga
til å sjå hadde eg nær sagt, at born som veks ovleg

Nordeide: Frå barn til vaksen. 3

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0035.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free