- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
34

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 4. Den kroppslege vokster og det kroppslege tilstand hjå barnet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

34

snart i lengd, dei er ofte lite helsesterke, fyrr voksteren
tek til å stogga litegrand.

Det spursmål melder seg då for oss med stor styrke:
Er skulen vår ordna soleis at han høver til det me no
veit um den naturlege vokster for barnet? Gutar og gjen*
ter veks ikkje like sterkt til same tid, har me set. Serleg
gjeld det tida frå 12*årsalderen og utover. Høver då sam*
skule: skule for gutar og gjenter i saman? Eller um dei
praktiske vanskar med skule for gutar og gjenter kvar for
seg er for store, er det då i folkeskulen og i millomskulen
teke umsyn so mykje som råd er, til at gutar og gjenter
er so ulike i vokstervegen i den tid me har sett dei jam*
sides på skulebenken i barneskulane? Og høver det å leggja
eksamenslesinga serleg til våren og forsumaren — i den tid
då borna nett veks mest og reint naturgjeve magrast mest
berrre av di dei veks? Og ungdomsskulane våre, korleis
høver dei til det kroppslege og sjelelege tilstand som ung*
domen er i, i 15—17*årsalderen? Eg berre nemner desse
spursmåla no. Eg kjem att til dette siste spursmålet lite*
grand, serleg i stykket um overgangsalderen. Og elles vil
mangt av det eg kjem til å tala um på ymse plassar i
denne boka, vera slikt som ein ikkje kann sjå burt frå, når
ein skal gjera seg upp ei meining um anten skuleskipnaden
vår er natursvarande eller ikkje.

Spursmålet um skuleskipnaden må visseleg verta set
på frå mange sider. Og det vilde ikkje vera meining i
å gjeva svaret berre ut frå den synsstaden me no har
halde oss til: den biologiske. Men det vil vel alle sanna,
at umsynet til kva som verkeleg svarar til den naturgjevne
vokster hjå mennesket, det må vega tungt.

Når ein spør um det små og det store samfundet,
heimen og staten, steller seg vitugt eller uvitugt med ætta
som veks upp, so kann ein ikkje sjå burt frå det som
dødslistene fortel oss.

I alle land er det so, at fyrste året døyr det etter
måten svært mange born. Aldri er mennesket so utsett

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0036.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free