- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
41

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 5. Borna sine sansereidskapar

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

41

mykje tilbake for vanlege born i åndsutvikling — fåmin*
gane — dei står og tilbake i herredøme over kroppen
sin. Dei går og sleng og er ustøe og sjanglande. Og
mange vert aldri som vanlege menneske i det stykket.
Kjem ein 10 — 12 fåmingar gåande på gata, so kann ein
høyra det på gonga kva slag folk som kjem. Fåming*
skap og ein lite fremda jamvektsans ser ut til å fylgjast
på ein merkeleg måte. Hjå mange fåmingar er vel og
rørslesansen mykje dårlegare enn hjå vanlege menneske.

Organsansen. Frå dei ymse organ inne i kroppen
får hjernen melding um anten organet er i vanleg tilstand
eller det er noko i vegen med det, so det ikkje kann gjera
arbeidet som det skulde. Frå hjarta, lungene, nyro o. s. b.
kjem det slike meldingar gjenom nervetrådar til visse
plassar i hjernen. Alle desse meldingsreidskapane kallar
me med eitt ord organsansen. — Hjå barnet er desse
reidskapane brukføre som hjå oss vaksne. Difor kjenner
barnet seg friskt eller sjukt som me. Det kjenner seg i
godt lag eller i ulag. Det ser me t. d. når det svelt eller
er mett.

Høyrslesansen. Nett med det same barnet er født,
høvrer det truleg ikkje. Millomøyra er fyllt med vatn;
og fyrr lufta får trengja dette ut, kann ikkje barnet høyra
noko. Men det går for seg på 8—10 timar hjå sume.
Hjå andre kann det visst taka berre 1 time. Eg har sjølv
set eit timegamalt barn syna tydeleg merke på at det
høyrde litegrand. — Når barnet er tre dagar gamalt, skal
det ikkje so tung støyt til fyrr det fer saman, dersom noko
dett ned på golvet. Eit fire dagar gamalt barn høyrer at
ein slær hendene ihop- Eit sju dagar gamalt barn høyrde
at eit papir vart rulla saman, fortel dr. Lay. Då det var
ti dagar, gjorde det skil på kva kant ljoden kom frå når
nokon ropa. Um åtte viker tok det til å smila, og seks
månader gamalt kunde det storlæ når det vart spela piano
i barneromet.

Når barnet vert 2—3 månader gamalt, kann ein sjå

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0043.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free