- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
42

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 5. Borna sine sansereidskapar

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

42

at det likar sterke ljodar. Det ser ein seinare og. Barnet
likar å ståka og bråka so det vert sjau. Det skrik og
skrålar ofte berre for moro skuld, ser det ut til. — Dette
at barnet likar so godt sterke ljodar, det syner at det er
berre naturleg for barnet å ha slike leiker som gjer mykje
skraml og ståk. Slike leiker har og vore nytta i tusental
av år — i det heile so langt attende som me veit um kor*
leis folk har levd og bore seg åt.

Barnet tek til å babla når det er seks—åtte veker
gamalt. Men um ei stund kann ein sjå at det tek til å
herma etter dei ljodar det høyrer for seg. Dr. Lay fortel
at han har set slik etteraping alt hjå ein åtte veker
gamal gut.

At barnet tidleg gjer skilnad på sterke og veike ljodar,
det ser ein tydeleg. Det kvepp ikkje for kvar ljod det
høyrer. Men um det og i den fyrste tid gjer skil på ljo*
dane etter innhaldet elles, det veit me ikkje so visst. Tru*
leg er det ikkje mykje med det. Mange granskarar har
funne, at fyrst i femte månaden tek barnet til å gjera
tydeleg skilnad på dei ymse høyrslekjenningar etter inn*
haldet (kvaliteten). Sume meiner lel at det er fyrst i den
niande månaden ein kann tala um nokor større skiljing av
det slaget.

I femte månaden byrjar sume born å syna at dei kjen*
ner »målet« åt ymse vaksne dei er saman med. Eit barn
kann verka tilbake (reagera) på ulike måtar etter kven det
høyrer tala.

At sume born (men det er vel få) syner serleg sans
for tonar når dei er årsgamle, det er tvillaust. Det er
som um tonane skulde ha lag til å vekkja sers interesse
framum andre ljodar. Det ser elles ut til at det er meir
rytmen enn sjølve tonen, barnet bryr seg um. Sansen for
takt eller rytme kjem tidlegare enn den musikalske sansen.

Ut gjenom det andre året, og kanskje helst i siste
halvpart, vert det vanlegare å sjå tydelegare merke på at
borna gjer skilnad på tonar og andre ljodar. Det syner

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0044.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free