- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
43

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 5. Borna sine sansereidskapar

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

43

seg helst i rytmiske uttrykks*rørsler med hendene, føtene
og lippene.

I den 18.—20. månaden byrjar sume born å få til tone*
liknande ljodar. I det stykket er det elles ovleg stor skil*
nad jamvel på dei som seinare syner seg å ha stor musi*
kalsk givnad. Sume born greier å syngja på ei vis ein
tone, ja gjerne tvo tonar etter kvarandre i den 8.-9. måna*
den. Andre greier det fyrst ut i det 4. året. Jamvel dei
beste greier ikkje å syngja ein tone greitt og rett fyrr i
den 15. månaden. Fyrr maktar dei heller ikkje ein inter*
vali. — Men det er ikkje sjeldan å høyra, at born kann
syngja ein lett melodi rett, um dei ikkje endå kann tala
tydeleg. — Sume born, og dei er ikkje so få, er kring fire
år gamle fyrr dei får til tonar og intervallar.

Når det gjeld å kjenna ein tone att, å hugsa ein tone,
då er det mindre skilnad på dei ymse born enn når det
spørst um å syngja ein tone. Sume born tek til å hugsa
tonar når dei er kring 20 månader gamle; andre fyrst i den
28. månaden.

Eg nemnde ovanfor at borna tek til med ymse takt*
rørsler når dei høyrer musikk. Men slike rørsler tek hel*
ler ikkje alle born til med like tidleg. Sume byrjar i den
12. månaden, andre fyrst i det 4. året ein gong. Ulik*
skapen i so måte er ovleg stor.

I sume land har det vorte gjort etterrøknader um korleis
det er med den musikalske givnaden hjå borna med det
same dei kjem på skulen. Ein tyskar fann at av dei borna
som vart upptekne på skulen, var det berre 20% som
kunde syngja ein liten song sjølv, og 36 % kunde syngja
ein song eller ei strofe når læraren song tonen fyrst. —
I Frankrike skal 90 % av borna ha musikalsk givnad.
Dei andre 10 % har lite eller mest ikkje sans for
tonar. Hjå oss veit eg ikkje um nokon som har granska
slike spursmål soleis at svaret kann vera noko å lita på.

Ein amerikanar har granska korleis det er med evna
både hjå born og vaksne til å skilja millom ljodar som

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0045.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free