- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
44

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 5. Borna sine sansereidskapar

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

44

ligg kvarandre nær i høgd (har svingetal som ligg kvar*
andre nær). Han fann at denne evna voks til tolvårs*
alderen. Han la og merke til at høgre og vinstre øyra
på same mennesket kann vera sers ulike til ljodskiljing.
Det eine øyra kann vera sers skiljeført, medan det andre
duger lite. Men denne skilnad veit vedkomande menneske
oftast ikkje det minste um. — Denne amerikanske vitskaps*
mannen prøvde og serskilt korleis det er med evna til å
skilja frå kvarandre tonar som har mest same svingetal.
Han kom til det, at etter det 10. året vert det ingen fram*
gang i evna til toneskiljing. So er det med dei fleste men*
neske. Sume har og nått høgda i 8*årsalderen. Det kann
vera åtteåringar som kann skilja millom tvo tonar um
skilnaden i svingetal er berre 2. Og so pass er få vaksne.
— Evna til toneskiljing skulde soleis vera tidleg utvikla
umlag so godt som ho i det heile vert. Dei som har god
musikalsk givnad, skulde vera ferdige i åtteårsalderen.
Dei andre kann koma seg til 10*årsalderen. I alle fall når
dei høgdemålet medan dei kann gå i folkeskulen. Ja
so segjer denne amerikanaren (C. E. Seashore). — Men ein
annan amerikanar, J. A. Gilbert, har gjort andre røynsler.
Han har funne at mange kjem seg i toneskiljing til 19*
årsalderen. Han meiner og at barnet i det heile ikkje er
so skiljeført som dei vaksne, når det gjeld tonar. Han
har og funne at øving har so mykje å segja. Musikalske
vaksne menneske som attåt var øvde, kunde i medeltal
skilja tvo tonar um den eine tonen berre var 0,2 svinging
høgre enn den andre. Men 6*årsgamle born, um dei endå
var musikalske, dei trong 18 svingingar i skilnad dersom
dei skulde greia å halda tvo tonar ut frå kvarandre, segjer
Gilbert.

Alle granskarar ser ut til å vera samde um, at det er
ingen samanheng millom den musikalske givnaden og vitet,
intelligensen. Den musikalske evna (og evna til ljodskil*
jing i det heile) har sin grunn i korleis høyreorganet er
bygt eller laga. Det er fysiologiske og ikkje psykiske fak*

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0046.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free