- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
45

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 5. Borna sine sansereidskapar

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

45

torar som spelar inn her. Ja ikkje berre spelar inn, men
er heilt avgjerande, ser det ut til.

Dei som høyrer so godt som vanlege menneske, kann
skilja det som vert tydeleg kviskra, um dei er 12—14 m.
burte. Ein tyskar som har røkt etter korleis det er med
høyrsla hjå ei mengd born, fortel at 25 % av dei borna
han prøvde, høyrde ikkje kviskring lenger enn 8 m.

Av fåmingar er det kring 75 % som har ei høyrsle*
evne som ligg under det normale. Ein vitskapsmann har
funne at hjå 10 % av fåmingane fylgdest tunghøyrsle og
tilvokstrar i nasen og munnen åt.

Korkje foreldre eller lærarar veit um kor tunghøyrde
sume born er. Og det er ille på mange måtar. Tung*
høyrde trøytnar so snart, for det tek so på å høyra so vel
etter som dei ofte lyt gjera. Dei brukar mykje kraft berre
til det. So kann det vera dei tunghøyrde høyrer so lite
av det som vert sagt, at dei kjem ikkje til å bry seg med
å høyra etter. Dei gjev seg over. Og so trur læraren
kanskje at dei er uviljuge, likesæle eller toskute. Og so
vert dei medfarne etter det.

Læraren må alltid sjå koma etter korleis det er med
høyrsleevna hjå borna med det same dei kjem på skulen.
Der det er skulelækjar, må han sjølvsagt røkja etter dette.
Men læraren kann gjera det umlag like godt. Eleven
vender ryggen til læraren so han ikkje skal »sjå« kva læra*
ren kviskrar. Og so nærmar læraren seg eleven og kviskrar
etter kvart tvosifra tal. So ser han kor nær han må koma,
fyrr eleven kann fortelja kva læraren sa.

Synssansen. På utsida av netthinna står det i million*
tal med »tappar« og »stavar«. I desse tappane og stavane
ender synsnervetrådane. Og desse organa er det som kann
verta spora av æterbårene.

At det nyfødde barnet kann skilja millom ljos og
myrker, er tvillaust. Auga er ferdiglaga so det kjenner
æterdirringane. Um det kann skilja millom fargane, er
det rådlaust å vita. Men truleg greier barnet det og
straks.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0047.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free