- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
47

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 5. Borna sine sansereidskapar

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

47

har vore stokk* og steinblinde like frå fødselen. Og har
dei set litegrand, um det har vore berre lite og kanskje
og berre ei stutt tid, so kann det ha late merke etter seg
i sjelelivet. Og det gjer at utsegnene som slike kann koma
med etter ein augeoperasjon, ikkje gjev pålitelege upp*
lysningar um korleis synskjenningane tek seg ut for det
nyfødde barnet. I alle fall står ikkje utsegnene i godt
samhøve i alle måtar. Sume har sagt at dei ikkje tykkjer
dei ser noko utanum seg; dei legg ikkje synsobjektet ut i
romet. — Andre har sagt dei tykkjer det er som låg det
noko på sjølve auga. (Det er elles få det. Netthinna
som svnsbiletet er fest til eller »står på«, veit ingen um).
Men dei fleste ser ut til å ha tykt at dei såg noko eit
lite stykke frå seg. Men det var ugreitt og uklårt, og
dei tykte alle ting låg so å segja like nær. Dei såg ikkje
dei ymse ting attanfor eller framanfor kvarandre. Dei stod
berre side um side som på ei teikning. Og alt var som
sagt litegrand framanfor han som såg.

Korleis det er med barnet i den fyrste tid, um det
»ser« fråstand eller ikkje, det vil vel aldri dei vaksne
kunna verta heilt visse um. Og difor står og meiningane
so mot kvarandre. — Men at det ikkje går so sers lang
tid fyrr barnet tek til å tenkja seg dei ymse ting det ser,
eit stykke burte, det er visst. Og likeins er det visst at
barnet ei lang tid ikkje har evne til å døma rett um frå*
stand, men vinn dugleik til det gjenom røynsle noko etter
kvart. Men korleis det går til, det skal eg tala um i ein
annan samanheng.

Dei fleste menneske kann skilja millom ei mengd med
fargar. Ikkje so at me veit um so mange reine fargar.
Men me har so mange fargeblandingar. Og då kann me
skilja millom so mange fargeskifte. — Men so er det ikkje
med alle menneske. Det er sume som gjer skil på etter
måten berre få fargar. Dei er meir eller mindre farge*
blinde, som me segjer. Sume, men det er svært få, er
heilt fargeblinde. Dei ser berre kvitt og svartgrått. Jamvel
dei reine spektralfargane tykkjer dei er millom kvitt og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0049.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free