- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
48

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 5. Borna sine sansereidskapar

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

48

svartgrått ein stad. — Men mange fleire er dei som er
berre noko fargeblinde. Berre visse fargar er det dei ikkje
kann skilja åt. Flest er dei raud*grønblinde. Raude og
grøne fargar tykkjer dei er kvitgrå.

Det er dersom synsbiletet feil på den gule flekken
på netthinna, at me har evne til å skilja millom so mange
fargar. Ute på netthinna er me fargeblinde allesaman.
Men dei fargeblinde er ikkje stort likare på den gule flek*
ken heller. Det er skilnaden.

Evna til å skilja millom fargane ser ut til å vera til*
stades tidleg hjå barnet. Kanskje er det likepass som me
vaksne like frå det fyrste. Det kann me ikkje vita. Men
det ser me, at born skil millom fargane tidleg. At dei
ikkje kann gjeva dei namn, eller at dei kann gjeva dei
feil namn etter at dei tek til å tala, det er lett nok å
skyna. Men det skriv seg ikkje frå at dei vantar evna til
å skilja, men at dei ikkje veit namn eller blandar namna
saman.

Dei vaksne som er fargeblinde, dei har og vore farge*
blinde som born. Denne veikskapen er umlag alltid med*
fødd. Og det er noko som det ingenting er å gjera med.
Her hjelper ikkje anten øving eller noko anna. Der det
inkje er, har keisaren mist all rett, veit me. Det kann i
fullaste meining segjast her.

I Europa er det 2 fargeblinde av kvart 1000 kvinner,
og 30 av kvart 1000 menn.

Mange fargeblinde veit ikkje sjølv um at dei er annar*
leis enn andre menneske. Og sjølvsagt veit ikkje dei farge*
blinde born det. Vil ein få greie på korleis det er med
borna i dette stykket, so må ein ha ymse fargeprøver, som
dei må få freista namngjeva. Men skal ein verta sikker,
må ein ha mange, med små fargebrigde. For barnet har
kanskje lært å kalla noko raudt som i røynda slett ikkje
er raudt for det, men grått. Det fargeblinde barnet kann
soleis godt svara rett stundom.

Mange vert svært nærsynte i 8—20*årsalderen. Det er
oftast misbruk, eller i alle fall sterkt bruk, av augo som

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0050.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free