- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
49

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 5. Borna sine sansereidskapar

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

49

er årsak til nærsynsla. Serleg er det ille dersom barnet
ven seg til å halda boka for nær augo medan det les. —
I 5—6*årsalderen er få born nærsynte. Men so stig pro*
centtalet for kvart år uppover solenge skulegonga varer.
I folkeskulen er få nærsynte. På dei høgre skulane er
det verst. Hjå oss kann halvparten i sume klassar verta
nærsynte. Noko tilsvarande finn ein i andre land og.
Ein granskar fann at i dei lægre klassane var alle bra ;
men i millomklassane var 17% og i dei høgre klassane
35% nærsynte. Ein annan fann upp til 61%. I Tyskland
jfekal over 70% av studentane gå med briller.

Mange nærsynte born veit ikkje um kor dårleg dei
ser, samanlikna med andre. Og det er ofte ikkje mun i
å spyrja eit barn um det er nærsynt. Det må verta
prøvt. — Folk med vanleg synsevne kann lesa 7 mm. høge
bokstavar i 5 meters fråstand. Bokstavane må då stå
kvar for seg og ikkje i ord. Det er vanleg at det vert
gjort nokre mistak. Men halvparten av bokstavane må

verta rett lesne um synet er å rekna for normalt.

*



it it
Me har no tala noko um sansereidskapane hjå borna
og nemnt litegrand um kva likskap eller ulikskap det er
millom born og vaksne når det gjeld sansing. — I det
store og heile må me segja det er liten skilnad. Med det
same barnet er født, er det nokon ulikskap i ymse ting,
har me set. Men barnet er ikkje gamalt fyrr sjølve sanse*
reidskapane ser ut til å vera like gode som hjå den
vaksne (ja i sume ting vel so gode). Dette tyder på at
her er ikkje sers mykje å gjera for uppsedaren når det gjeld
å hjelpa barnet til å få gode sansereidskapar. Øving
eller arbeid kann ikkje gjera stort til eller frå. Sanse*
reidskapane kann ein ikkje få betre enn dei vert av seg
sjølv. Men det vil sjølvsagt ikkje segja det, at det ikkje
er råd å tyna sansereidskapane. Den som tek til å
stira på sola med berre augo, øydelegg augo sine. Og
ein kann stella seg so at ein vert nærsynt t. d. — Høyrsla
kann ein nok og tyna dersom øyra kjem til å verta utsett
Nordeide: Frå barn til vaksen. 4

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0051.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free