- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
52

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 6. Det vaknande åndsliv hjå barnet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

52

finna helst i rygg* og halsmergen. — Soleis er det og med
refleksrørslene. Desse rørslene vert til veit me, på den
måten, at ein eller annan plass på kroppen vert spora
utanfrå. So går det melding gjenom ein censorisk nerve*
tråd til ein censorisk nerveknute i ryggmergen t. d. Og
frå denne censoriske nerveknuten går det bod gjenom
ein leiingstråd til ein motorisk nerveknute. Frå denne
nerveknuten vert det so gjenom ein motorisk nervetråd
utløyst ei muskelverksemd. Muskelen dreg seg saman.
Kjem eg burt i ein varm omn, so dreg eg armen til meg
fyrr eg har tenkt meg um det minste. Eg veit ikkje um
arbeidet fyrr eg alt har teke til med det. Ja slike verk*
semder kjem i stand anten me søv eller me vaker, og har
ingen ting med medvitslivet å gjera.

Slike verksemder som me no har tala um, går og
for seg hjå barnet. Når barnet tek til å suga berre
det får noko inn i munnen, so er det nett ei refleksrørsle.
Likeins at det vender munnen mot det som rører burt i
huda kring munnen. Refleksrørsle er det sikkert og når
barnet freistar venda seg mot den kanten ljoden kjem frå-

Ymse refleksrørsler har stundom med urette vore tekne
til døme på ovringar frå åndslivet. Alle har vel høyrt
at når barnet ser ut til å smila i svevnen, so har det
vore teke til merke på at barnet drøymer. Likeins kann
barnet sjå ut til å smila når det er vake og, um det
endå er berre nokre dagar gamalt. Slike rørsler har
visseleg i den fyrste tid og kanskje ei god stund framover
ikkje noko med eit vaknande åndsliv å gjera. Det er
berre refleksrørsler. — Det beste prov for at den meining
er rett, er det som me har nemt fyrr (s. 37) at slike rørsler
kann ein sjå og hjå dei abnorme born som er fødde
utan storhjerne. Men hjå slike born kann det då ikkje
vera tale um noko åndsliv. Dei kann ikkje kjenna sorg
eller glede, ikkje vera velnøgde eller misnøgde. Rørslene
er difor ikkje «uttrykksrørsler».

I dei fyrste månadene er barnet ein stor matstrevar.
Ikkje so at det seinare sluttar med å bry seg um mat.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0054.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free