- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
56

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 6. Det vaknande åndsliv hjå barnet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

56

inga meining um at det er bitinga som har noko å gjera
med at det lider vondt. Lehmann nemner og at ein kann
sjå at halvtanna*årsgamle born ’vil taka foten av seg som
ein sko, og tvo*årsgamle born vil gjeva foten sin ein
kavring. Slikt tyder på at barnet har endå ikkje nokor
klår fyrestelling um kroppen sin.

No veit me barnet upplever gong på gong at det
kjenner eit trykk samstundes med at det ser at noko rører
ved ein viss finger t. d. Når ikkje noko rører ved fin*
geren lenger — fingeren og det som rørde ved fingeren,
ligg ikkje plent attåt kvarandre — so upplever det heller
ikkje den trykk*kjenning det hadde solenge tepinga varde.
Og so vert det til fyrestellingssambinding (assosiasjon). Det
vert eit samband millom fyrestellinga um trykk*kjenninga
og fyrestellinga um synskjenninga. Men fyrr me no fylgjer
denne tanken lenger, må me tala litegrand meir um denne
trykk*kjenninga.

Når me vaksne får eit stikk eller eit trykk på ein
plass på huda, so veit me um ikkje berre at me har fått
eit trykk, men og kvar det var, kva plass på huda som
var spora, jamvel um me ikkje se r denne staden. — No
kann den ytre påverknad vera den same ofte. For det
er den same ting me vert spora av. Og dersom ikkje noko
kom attåt, so skulde me venta den same kjenning alltid
når den ytre sporing var den same. Men no veit me det
er so, at um den ytre sporing er plent den same i fleire
tilfelle, so vil me lel kjenna skilnad dersom det er ymse
hudpunktar som vert spora. Sanseinntrykket får merke
etter den plass meldinga kjem frå. Kvar plass gjev inn*
trykket eller kjenninga sitt visse plassteikn som ein gjerne
kallar det. Og etter dette plassteiknet er det truleg me
vaksne plassfester eit sanseinntrykk. Ei trykk*kjenning
frå ein plass på huda må me difor teoretisk skilja i
tvo kjenningar: sjølve tyngdekjenninga og so plasskjen*
ninga, plassteiknet. Ein viss plass A på kroppen vert
spora av ein lekam M med tyngde ti. Lat oss so kalla
plassteiknet a (plassteiknet for A). Heile trykk*kjenninga

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0058.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free