- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
57

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 6. Det vaknande åndsliv hjå barnet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

57

vert då ti + a. Dersom ein lekam N rører ved A med
ei tyngd t2, so vert kjenninga t2. -j- a (same plassteiknet).
Rører lekamen M ved plassen B med samme tyngd som fyrr,
ti, so vil heile kjenninga då verta ti + b (når b er plass*
teiknet for B). Tenkjer me oss at kvar plass på kroppen
har sitt visse plassteikn (lokalteikn), so har me ein teoretisk
grunn for at dei ymse trykk*kjenningar kann verta skilde
åt etter den plass dei kjem frå. Og det veit me og
vert gjort.

No vender me tilbake til den tanken me gjekk frå
for litegrand sidan : barnet får ei trykk*kjenning og se r
samstundes den plass på kroppen som er påverka, og
som trykk*meldinga kjem frå. Denne trykk*kjenninga
skifter med den ytre årsak sjølvsagt. Ei tyngde på 20
kg. på ei viss hudflate kjennest annarleis enn ei tyngde
på 2 kg. på same plassen. Men le! er det noko i båe
desse kjenningane som er likt: plassteiknet. Barnet kjenne r
det er same plassen som er spora. Og ser det no og denne
plassen, har det synskjenning av han, so vert det til ein
assosiasjon millom synsfyrestellinga um denne plassen og
so sjølve plassteiknet (ikkje heile trykk^fyrestellinga, for
trykket er skiftande, men plassteiknet er ubrigdeleg det
same). Har barnet ofte havt plasskjenninga a frå hudflata
A saman med synskjenninga s som det får når det ser
A, so vil a eller fyrestellinga um a utan vidare draga fram
i tankane fyrestellinga um s um det so slett ikkje ser på
A. Og soleis lyt me tenkja oss det går for kvar plass som
auga kann sjå på kroppen. Det vert assosiasjon millom
synsbiletet og plassteiknet.

No kann ikkje eit menneske sjå heile kroppen sin.
Den synsfyrestelling som eit barn har av seg sjølv, vil vel
og lenge vanta mykje på å vera fullkomi. Fyrst når
barnet vert so stort at det skynar at det har ein kropp
som i det store og heile liknar andre menneske det har
havt høve til å sjå, vil det kunna laga seg eit heilt
bilete av seg sjølv. Men dette biletet må i sume ting
vera eit fantasibilete.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0059.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free