- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
60

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 6. Det vaknande åndsliv hjå barnet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

60

og å få kjenning av vidd. Farge utan vidd veit barnet
like lite um som me vaksne. På same måten er det vel
og når det gjeld temperatur, trykk, smak og truleg mest
alle sansekvalitetar. Dei kann ikkje verta til for vår med*
viting utan at me og upplever vidd.

Når no barnet ser ein ting framanfor seg, so byrjar
det å taka etter han når det vert ein 4 — 5 månader
gamalt. Og då kann det måtta strekkja armen ut mykje
eller lite. — No veit me synsbiletet av ein ting skifter
noko etter kvart som tingen kjem nærare til eller flytter
seg lenger frå augo. Desse synsbileta skifter etter som
barnet må strekkja armen ut mykje eller lite fyrr det
kann få ei trykk*kjenning av han gjenom handa. No
knyter det seg då assosiasjon millom eit visst synsbilete
av ein ting og ei viss rørslekjenriing; eit anna synsbilete
og ei onnor rørslekjenning. Soleis går det til at eit syns*
bilete kann kalla fram i tankane fyrestelling um ei viss
rørsle som må til fyrr det vert råd å taka burt i tingen.
Ei slik fyrestelling kann verta kalla fram um so rørsla
slett ikkje vert sett i verk etterpå. Synsbiletet har vorte
eit slag teikn for kor stor rørsle som må til, fyrr ein
kann nå til å taka burt i det ein ser. Og desse rørsler i
alle leier fører til, at det hjå barnet vert til ei fyrestelling
eller eit umgrep um fri rørsle ikkje berre upp*ned, til
høgre og til vinstre, men og um fri rørsle att og fram.
Barnet får ei fyrestelling um rom.

Um fråstand får me berre umveges melding. Ein
kniv, ei fyrstikke, ein stol o. s. b. ser annarleis ut 4 meter
frå meg enn um vegen er berre ein halv meter. Eit tre,
eit hus, ein hest tek seg ikkje likeins ut 10 meter og 100
meter og 1000 meter burte. — Barnet er ikkje født med
kunnskap um korleis synsbiletet av ein ting er, i fall han
er so eller so langt burte. Det må læra å tyda syns*
bileta i so måte. Og denne teikntyding tek barnet til å
øva seg på alt medan det ligg i vogga og tøygjer seg etter
dei ymse ting det ser ute i romet. — Når barnet byrjar
gå, so får det eit større rom å gjera røynsler i. Og

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0062.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free