- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
61

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 6. Det vaknande åndsliv hjå barnet

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

61

fleire og fleire fråstandsteikn lærer det seg. Denne teikn*
tyding vert innøvd og prøvd uteljeleg mange gonger. Noko
etter kvart lærer so barnet gjenom røynsle den sanning at
synsbileta har sitt største verd for oss nettupp på den
måten at dei er varselsteikn for fråstand. Me vaksne
me er komne so i vane med å tenkja ikkje på sjølve
teiknet, men det teiknet varslar um, at me beint fram trur
me se r fråstand like frå nokre cm. til mange km., endå
det slett ikkje er tilfellet.

Barnet har lenge liten dugleik til å døma um frå*
stand. Held ein eit halmstrå upp for det 6—7 månader
gamle barnet, so grip det nok etter halmstrået. Men
oftast grip det gale. Det tek ikkje langt nok fram. Barnet
grip og etter ting som ligg so langt burte at det er råd*
laust å nå dei. Jamvel månen skal sume born ha vilja
taka. Eller dei vil blåsa månen ut, sløkkja månen,
som dei har vorte vane med å blåsa ut eit talgljos. —
Legg me merke til barnet ut gjenom fyrste leveåret, so
vil me sjå ei mengd med døme på, at barnet ikkje endå
kann døma um fråstand. Det mistek seg mest alltid.
Men me vil og sjå korleis det kjem seg, korleis det lærer
å døma rettare og rettare um kor langt det er burt til
den tingen det vil ha tak i. Det er verkeleg forvitneleg
å fylgja barnet i det stykket frå det er 4—5 månader
til det er eit par år gamalt. — Diverre ser det ut til at
det er mange både foreldre og lærarar som ikkje tenkjer
stort på at dei kann læra noko av eit slikt lite barn som
ligg i vogga og trivlar med fingrane eller kryp kring på
golvet. Men tak til å sjå på barnet som ligg og trivlar
på ei leike eller ser på fingrane sine og knip i dei, du
vil tykkja det er reint moro å leggja merke til korleis
det held på med upplæringsarbeidet sitt. Barnet har ein
skuletime det, når det ligg soleis og steller med seg sjølv.
Og no har det i fullaste meining av ordet ei natursvarande
upplæring.

Me vender no attende til barnet sitt arbeid med å
tyda fråstandsteikn. Eit slikt arbeid har me alle saman

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0063.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free