- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
62

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 6. Det vaknande åndsliv hjå barnet - 7. Fyrestellingar og fyrestellingstyper

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

62

vore upptekne av ei tid. Og det er ikkje berre fråstand
me har lært oss å lesa av det me sansa. Me har bruk
for å læra mange andre ting og. Og mangt og mykje
anna kann me og læra. Ja dette å sjå i noko me sansar,
eit teikn for eller eit merke på noko som ikkje nett kann
verta sansa, men som er av ovstort verd for oss å ha ei
rett meining um, det er noko av det viktugaste me lærer
oss til. Men det tenkjer me ofte so lite på. Me ser eit
menneske læ eller gråta, og tykkjer då me ser kor glad
eller sorgfullt det mennesket er. Ein annan raudnar eller
bleiknar når me talar til han. Fargeskiftet er det me
ser; men me tykkjer og me ser kor skamfull eller ottefull
han er. Ja det er helst dette siste me tenkjer på og
kanskje og talar um. «Eg såg kor redd han vart», segjer
me ofte, endå me aldri kann sjå sjølve redsla, men
berre merke på dette sjelelege tilstandet hjå eit men*
neske. — Me ser det ryk av supeskåla og tykkjer då
me ser kor varm supa er. Me høyrer ein segja ordet:
«kom 1» eller «gå!» og tykkjer med ein gong me høyrer
at han er sinna eller blid. Alt dette er døme på fyre*
stellingsassosiasjon. Men det er samstundes døme på
teikntyding. Noko me sansar, tek me til merke på eller
varsel um noko anna, kanskje noko heilt usanseleg. Og
det er ikkje berre so eit hende no og då, at me gjer noko
slikt. Tvertum, det er det vanlege. Denne teikntyding har
ein ovleg stor plass i det åndelege hushaldet vårt. —
Men ingen er fødd med kunnskap um kva ein kann slutta
seg til av det eine eller det andre som me sansar. Alle
må læra å lesa i so måte og. Og denne lesing, denne
teikntyding byrjar barnet å læra seg tidleg. Men noko
av den fyrste uppøving i slik tyding tenkjer eg er frå*
standstyding.

7. Fyrestellingar og fyrestellingstyper.

Ser eg på blekkhuset som no står på bordet, so
har eg eit synsinntrykk av blekkhuset. Let eg att augo,

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0064.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free