- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
65

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 7. Fyrestellingar og fyrestellingstyper

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

65

ein god heim, vil få ei retteleg fyrestelling um kva slike
gode er. Barnet må få møta kjærleik, rettferd, truskap,
ærlegdom, sømd, finkjensle i dei menneske det får leva
saman med. Her gjeld i sanning dei kjende ord i »Brand«:
»En gjernings spor sig preger mer enn tusen ord«.

At det er gjenom uppleving barnet får fyrestellingane
sine, det er tvillaust. Men det er fleire ting me må peika
på i denne samanheng. Ei fyrestelling får ein ikkje på
same måten som ein får eit sukkerstykke og puttar i
munnen. I alle fall er det so med mange fyrestellingar at
dei vert til gjenom eit stort arbeid.

Det vesle barnet som ser ein stol fyrste gongen, får
vel nokre synsinntrykk. Men korleis det biletet er som sit
att i barnesjela når det so let att augo eller ikkje ser
stolen lenger, ja det veit me ikkje. Men at det biletet
ikkje kann vera so som det tilsvarande biletet hjå eit
vakse menneske som ser stolen, det torer vera visst.

For det fyrste er det å hugsa på, at barnet ser so
lausleg på alt i den fyrste tid. Det er truleg berre lite
av dei ymse ting som det er å sjå, som barnet verkeleg
ser, um det treffer til å få auga på ein stol. Og ser me
so lausleg på noko som me ikkje har set fyrr, so vert
den fyrestelling som sit att, lite innhaldsrik. So er det
med oss vaksne. Og so må det tvillaust vera med
barnet og.

Ein annan ting er og å leggja merke til. Når eg
ser ein ting eg kjenner frå fyrr, so treng eg ikkje um å
sjå so vel på han. Eg hugsar korleis han er. Dei syns*
kjenningar eg får, dreg fram i tankane dei fyrestellingar
som eg ber på um denne tingen. Og so fyller eg ut syns*
biletet med eldre fyrestellingar. — Ingen av oss tenkjer
på kor lite me i røynda ser eller sansar på annan måte
når me talar um at me ser ei bjørk, ei rose eller eit hus.
Kanskje 90% av det me då tenkjer på, er reproduserte
gamle fyrestellingar. — Soleis kann det ikkje vera med
barnet i den fyrste tid. Det møter ikkje dei nye sanse*
inntrykk med ei mengd med uppsamla fyrestellingar som

Nordeide: Frå barn til vaksen. 5

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0067.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free