- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
66

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 7. Fyrestellingar og fyrestellingstyper

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

66

ligg ferdige til å utfylla sansebiletet med. Kunde me
— um det var råd å segja det soleis — leggja side um side
den fyrestelling eit lite barn og den fyrestelling eit vakse
menneske sit att med når dei båe har set same tingen
på vanleg måte, so måtte me få sjå at barnet si fyre*
stelling var so mykje, mykje innhaldsfattigare enn den
vaksne si.

Det er og truleg at barnet har lettare enn dei vaksne
for å blanda dei ymse fyrestellingar saman. Det rotar
ihop fyrestellingar som har lite eller inkje med kvarandre
å gjera. Dette finn me og stadfest gjenom dei granskingar
som er gjorde. Helga Eng fortel at ein næming i Kristi*
ania folkeskule hadde den meining, at ikornet hadde
vengjer; ein annan at det sat i bur; ein tredje at det song.
Ein gut sa at dei slo på hjul 17. mai (han meinte trumme).
Ein annan gut skulde teikna ein hoggorm, og teikna då
soleis at det var tydeleg å sjå at han blanda saman hogg*
orm og fugl, og tok noko frå båe desse til den nye skap*
ningen sin. — Eit barn som såg ei and på vatnet, kalla
henne »kvakk«. Sidan kalla det ei tid alle fuglar og insekt»
serleg fluger, »kvakk«. Og same namnet brukte det og
um alle slag væsker. Ein 16 månader gamal gut kalla
både hund og katt »vov«. Kjent er det og at mange
born kallar alle eldre menn bestefar,

Alle som har havt med born å gjera, har ofte havt
høve til å høyra born gjera slike mistak. Dei vitnar alle
um at barnet sine fyrestellingar er uklåre og lite av*
grensa. — No kann det vera at barnet har so lite ord at
det i farten grip eit ord som det ikkje sjølv er tilfreds
med; men det kann ikkje koma på noko anna. Det kann
vel vera tilfellet stundom. Um so er, so er barnet sine
fyrestellingar klårare enn orda det nyttar, skulde tyda på.
Men i dei fleste tilfelle kjenner visseleg ikkje barnet sjølv
kor misvisande det ordleier seg.

Sers ofte vil ein finna at barnet sine fyrestellingar er
knytte til ein viss plass eller eit visst tilfelle eller ei viss
åtferd, endå um ordet det brukar, skulde tyda på ein meir

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0068.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free