- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
68

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 7. Fyrestellingar og fyrestellingstyper

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

68

fyrestellingsassosiasjon har ikkje fått fast plass i barne*
sjela endå.

Det er rimeleg at barnet tek til med serfyrestellingar,
og at ålmennfyrestellingane kjem seinare. Og so er det
og. Men dei serfyrestellingane skil seg frå dei vaksne
sine i det at dei har so lite innhald, so få kjennemerke.
Etter det me alt har sagt um barnet, er det og noko
ein måtte venta. Barnet legg i det heile ikkje so vel
merke til alt, smått og stort, so som me vaksne kann
gjera det. — Me har og tala um at barnet sine fyrestellin*
gar er utydelege og at det har lett for å blanda saman,
so det får fyrestellingar som ikkje svarar til noko det har
upplevt med ein gong eller i samanheng. Det gjeld og i
stor mun serfyrestellingane.

Serfyrestellingane er grunnlaget for ålmennfyrestel*
lingane. I ei fyrestelling um eit dyr t. d. er det mange
einskilde leder. Ei slik fyrestelling eller ein slik fyrestel*
lingskrins kann me dela i ei mengd med småfyrestellingar.
Lat oss tenkja oss at barnet har fått nokre slike fyrestel*
lingskrinsar. Det vil då uppdaga at i desse krinsane er
det ymse leder som er innbyrdes like, medan andre er
heilt ulike. Ser barnet fleire hundar, so vil det finna at i
desse synsbileta er det noko som er likt. Likeeins i syns*
bileta av dei menneske det ser. No er det so at for kvar
gong barnet ser ein hund, so vert det mint um det som
alle hundar er like i. Det som skil den eine hunden frå
den andre, ser det snart eitt og snart hitt av. Aldri vert
det mint um alt dette på ein gong. Det er då ikkje so
utenkjeleg at barnet noko etter kvart kjem til å samla i
tankane det som er likt, det som er sams i fleire sanse*
bilete, og skilja det ut frå det som er skiftande og som
det ser sjeldnare. På den måten får barnet ikkje berre
serfyrestellingar, men og fyrestelling um det ålmenne, det
som fleire serfyrestellingar er like kvarandre i. Barnet
får ålmennfyrestellingar.

Dette arbeidet å halda fast i tankane fyrestellingane
um det som er ålment, og slett ikkje tenkja på dei ting

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0070.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free