- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
72

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 7. Fyrestellingar og fyrestellingstyper

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

72

Denne piken var ellers flink og vel begavet,« skriv
Helga Eng.

Frk. Eng prøvde so born i dei fem øvste klassane i
folkeskulen med 60 vanlege abstrakte ord, og bad dei segja
kva dei meinte med kvart ord. Ho fann då at av

born i lO.årsalderen gav 24,7% rett svar

- i 11. - * 36,2%

- i 12* - * 55,7%

- i 13, - * 67,7%

- i 14* - . 81,4%

Ord som »godhet«, »giede«, »sjel« skyna alle. Men
»tvil« berre 67 %, »medlidenhet« 60 %, »mislykkes« 56 %,
»årsak« 40 %, »sammenligne« 39 %, »aktelse« 37 %,
»erindring« 29 %, »erfaring« 23 %, »ubesindig« 15 %, »hen.
siktsmessig« 12%, »hengivenhet« 11%. Jamvel i 7. klassen
var det berre 40 % som skyna rett »hensiktsmessig« og
»hengivenhet«.

Um prøva i det heile segjer Helga Eng: »I lO.års.
alderen opfatter barn kun en brøkkdel av språkets almin.
delige abstrakte begreper, og selv i den alder da de går
ut av folkeskolen, mangler det meget på at de behersker
dem. Kun 2 elever av øverste klasse opfatter alle de 60
ord riktig. Og enda gir dette resultat et altfor godt
inntrykk. Man kan nemlig ikke vente at barn når de
arbeider i sin klasse, rår over alle de begreper som de
såvidt kan greie når de anspent og ivrig taler med mig
alene og uforstyrret«.

No kunde ein tru, at kom eit ord i samanhangande
tale, so vilde barnet skyna ordet um det ikkje greidde det
når det høyrde det lausrive frå andre ord. Helga Eng
prøvde det og. — Litegrand betre greier barnet dei abstrakte
ord då, fann ho, men skilnaden er lel ikkje so stor. Av
dei abstrakte ord lO.åringen ikkje greidde når orda berre
vart nemnde, skyna dei 4,2 %, når dei kom i saman,
hangande tale. På same måten skyna ll.åringen 5,2%,
12.åringen 7,5%, 13.åringen 7,7% og 14.åringen 11,7%.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0074.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free