- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
76

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 7. Fyrestellingar og fyrestellingstyper

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

76

ment gjev tonane. — Beethoven komponerte alltid gåande,
og han skulde ikkje skriva upp ein einaste note fyrr han
hadde heile stykket ferdigt i hovudet. Dei siste åra han
levde, var han heilt dauv, so han kunde ikkje høyra på
vanleg vis ein einaste tone. Men han komponerte lel,
soleis operastykket Fidelio og den »niande symfoni«.

Den franske diktaren Legouvé fortalde at når han
sat og skreiv spelstykke, so høyrde han dei ymse men*
neske tala. Det var som um han var i eit teater og var
åhøyrar. — Dei som er einsidig akustiske, ser ikkje orda
fyre seg i eit stykke som dei kann. Dei høyrer orda.
Dei »ser« heller ikkje eit menneske som dei kjenner,
men-dei høyrer klangen i mælet. — Um reknekunstnaren Inaudi
er det fortalt at han skulde prøva det same kunststykket
som Diamandi: å greia lesa dei loddbeine linene i tal*
kvadratet når han fyrst hadde lært dei vassbeine. Han
greidde det, men det gjekk seinare for han enn for Dia*
mandi. For kvart tal måtte Inaudi byrja fremst i ei line,
og so lynsnart liksom høyrde han ljodbileta for seg til
han kom til den plassen i lina der det talet var som han
hadde bruk for.

Ein typisk motorikar måtte Johann Ganibasius vera.
Han utdana seg til bilethoggar. Men so vart han blind i
20*årsalderen. Han slutta no i 10 år med bilethoggar*
arbeid; men so fekk han hug til å freista att. Han fekk
ei marmorstatue av storhertugen av Toskana, Cosmos I,
handfor statuen vel og lenge og tok so til å laga maken
i leir. Alle vart reint forbina over likskapen. Seinare
kom Ganibasius til Rom og stelte på same måten til ei
statue av pave Urban VIII.

Sume har det so at når dei tenkjer på eit ord eller
ei tekst dei kann, so tykkjer dei at dei kjenner at tale*
reidskapane rører seg, um dei so knip munnen saman og
held tunga so still som dei kann. Orda vert umsette i
talerørsler med ein gong. Velkjent er det og at mange
talar høgt når dei tenkjer. Eller dei umedvitande skriv
t. d. på bordplata det dei nett tenkjer.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0078.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free