- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
77

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 7. Fyrestellingar og fyrestellingstyper

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

77

Ein ovleg einsidig fyrestellingsgivnad er ikkje nett so
sers ofte å finna døme på. Oftast er det so, at eit menneske
er noko både optikar, akustikar og motorikar. Men i
like stor mun er det vel ikkje hjå nokon, Det er i røynda
mange blandingstyper. Men det kann eg ikkje koma inn
på her. Eg skal berre nemna at det er sers ofte at aku*
stikaren og er motorikar.

Kva fyrestellingstype dei fleste eller dei fåaste høyrer
til, er ikkje plent so godt å segja. Ein tysk granskar
fann at av 350 menneske var 18 tydelege optikarar, 6
akustikarar, 17 motorikarar, og 309 høyrde til ein eller annan
blandingstype. — Det har vore gjort so få liknande vit*
skaplege etterrøknader endå. Og difor er det ikkje råd
å vita um desse tala peikar på ein ålmenn regel eller ikkje.
At dei fleste mennneske høyrer til blandingstypene, det
er likevel tvillaust.

Det er på endå fleire måtar dei ymse menneske kann
vera ulike når det gjeld fyrestellingslivet.

Det er sume som helst har lag til å få sakfyrestellin*
gar og gøyma på dei. Dei har fyrestellingar um tingen
soleis som han tek seg ut for dei gjenom dei sansekjen*
ningar dei har fått av han. — Andre har helst lag til å
få ordfyrestellingar og gøymer serleg på dei. Ein mann
som har mest sakfyrestellingar, han knyter det han veit
um hesten, til dei sansefyrestellingar han ber på av hestar
han verkeleg har havt sanseinntrykk av. Ein annan knyter
det han veit um hesten, til sjølve ordet »hest«. Det er
heller ikkje nett det han sjølv har sansa, som gjev fyre*
stellinga um hesten den rikdom ho har. Det er meir det
han har høyrt av andre. Fyrestellingane um orda han
kann, er og etter måten ein ovleg stor part av heile fyre*
stellingsriket hans.

Sjølvsagt har ein mann både sakfyrestellingar og ord*
fyrestellingar. Det har me alle, men ikkje i like stor mun.

No kann det godt henda — og det hender ofte og —
at eit menneske er optikar når det gjeld sakfyrestellingar,
men akustikar når det gjeld ordfyrestellingar. Ein som

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0079.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free