- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
78

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 7. Fyrestellingar og fyrestellingstyper

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

78

har vore i Nidarosdomen ein sundag der var gudsteneste, ser
gjerne seinare tydeleg for seg kyrkja og presten og alt det
som var å sjå der den gongen. Men messinga, orgelspelet
og songen og mælet åt presten har han berre ei uklår
fyrestelling um, um han lever denne sundagen uppatt i
minnet sitt. Han er optikar i dette stykket. Men det han
har lese i eit blad um domkyrkja, høyrer han kanskje
helst for seg. Han ser ikkje biletet av bladsida for seg
når han minnest dette. Då er han akustikar. — Har
han og lag til å segja åt seg eller beint fram liksom
lesa åt seg dei orda han minnest frå dette stykket, so
er han og motorikar. Og er det ikkje so med mange av
oss at me tek til å segja orda i slike tilfelle, fyrr me veit
um noko?

Det som no er sagt um dei vaksne, kann me og nytta
um borna. Dei og høyrer ymse fyrestellingstyper til. Her
ser det ut til å vera spursmål fyrst og fremst um ein
medfødd givnad. I alle fall er det sume som har so sterk
medfødd evne i ei viss lei, at seinare øving ikkje kann
umskapa dei.

Men so er det sume som ikkje er so avgjort det eine
eller det andre frå det fyrste. Dei har naturleg lag til
noko av kvart. Eller naturgivnaden er veik i alle leier.
Det finst slike og. Dei høyrer ikkje tydeleg til nokon viss
fyrestellingstype. Og då kann uppseding og uppøving
gjera mykje. Ja ein har døme på, at jamvel um natur*
givnaden er so pass sterk at han ter seg tydeleg, so kann
øving gjera ikkje so lite.

Meumann fortel um seg at han av naturgivnad var
akustikar. I hovudrekning t. d. fall det so sjølvsagt for
han å segja stilt åt seg dei uppgjevne tala og svara han
fann medan han rekna. Ja han måtte gjera det so. Han
tykte aldri han såg tala skrivne for seg på tavla eller
papir so som optikaren alltid gjer. — Men gjenom øving
greidde han å verta optikar når det galdt hovudrekning.
Han kom verkeleg til å sjå tala for seg. Men rett som
det var, fall han tilbake til det gamle når han ikkje tenkte

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0080.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free