- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
79

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 7. Fyrestellingar og fyrestellingstyper

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

79

seg vel um. Natura gjekk over upptuktinga. — Når det
galdt ord, var det verre å koma seg over i ein annan fyre*
stellingstype enn når det galdt tal. Skulde han arbeida
med ord, so var han og vart han akustikar. Skulde han
t. d. læra ord, so måtte han få segja dei, serleg um det
var ord (eller stavingar) utan meining. Fekk han ikkje
liksom kviskra orda, og soleis både røra ymse talereid*
skapar og høyra ordklangen litegrand, so kunde han ikkje
få noko til å festa seg i minnet. Vanleg kunde han greia
å hugsa 12 bokstavar som han fekk segja ein gong høgt
etter kvarandre. Men skulde han berre sjå ei bokstav*
rekkje og ikkje få bruka taleorgana det minste, so greidde
han ikkje meir enn fire.

Dei etterrøknader som har vore gjort, ser ut til å
visa at borna lenge har mest sakfyrestellingar og lite eller
i alle fall mindre av ordfyrestellingar. »Born arbeider til
utover 14*årsalderen og lenger og meir med sakfyrestel*
lingar enn med ordfyrestellingar,« segjer Meumann. Men
med skuleupplæringa og den påverknad og uppøving som
dei får elles, og gjenom det dei les og høyrer, so tek det
til å verta etter måten meir og meir ordfyrestellingar. —
Dette at barnet både eig lite orc/fyrestellingar, og at sab
fyrestellingar og er det naturlegaste for det, det er noko
som alle uppsedarar har bruk for å minnast. Barnet ten*
kjer ikkje so mykje i ord som dei vaksne. Det tenkjer
helst i konkrete sansebilete.

Det ser og ut til å vera ovleg sjeldan å treffa eit
barn som er so einsidig anten optikar, akustikar eller
motorikar som ein kann treffa det hjå ein og annan vak*
sen. Desse vaksne har truleg gjenom øving vorte endå
meir einsidige enn dei var av naturgivnad då dei var born.
Men på den andre sida er det og so — som og er nemnt
fyrr — at øving kann ikkje gjera alt. I alle fall er det
sume som ikkje kjem langt i det å vera akustikarar t. d.,
kormykje dei enn øver seg. Det er sume som har so liten
naturgivnad at øving ikkje er stor mun i.%

Det er helst millom lite evnerike born, ja serleg millom

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0081.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free