- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
80

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 7. Fyrestellingar og fyrestellingstyper

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

80

fåmingar at sers einsidige fyrestellingstyper er å finna.
Hjå slike er det nok ikkje sjeldan å finna den eine eller
den andre typen mykje »rein«. Storparten av dei normale
born er meir eller mindre blandingstyper, men lel so at
dei fleste høyrer meir til den eine enn til den andre av
dei tre hovudtyper me har nemnt.

Meumann meiner at størsteparten av både born og
vaksne er optikarar når det gjeld sakfyrestellingar, og
akustisk?motoriske når det gjeld ordfyrestellingar. Mange
born, serleg av dei yngre, er optikarar i ordfyrestellingane
og. Men gjenom skulen og upplæringa elles og vert dei
meir og meir akustisk*motoriske i ordfyrestellingane. Dei
eldre born skulde soleis, etter Meumann si meining, høyra
meir til dei blanda typer enn dei yngste.

Sume granskarar meiner å ha funne, at gjentene er
meir optikarar enn gutane. Men det ser ut til at dei ymse
vitskapsmenn har kome til ymse svar um procenttallet av
dei ymse typer. So ålmenne reglar um dette er det ikkje
råd setja upp berre etter det me veit endå.

For skulearbeidet er det elles ikkje so um å gjera
med procenttalet. For det er so mange av alle typer at
ein kann vera viss um det finst nokon av kvar i alle større
skuleklassar. Læraren skal ikkje slå seg til ro med at
han kanskje ikkje har lagt merke til nokon slik skilnad
hjå elevane. Den vanlege skuleupplæring gjev ikkje my*
kje høve til å sjå ulikskapen. Og jamvel der han er lett
å leggja merke til, vil mange lærarar slett ikkje koma til
å tenkja på det.

Det gjeld um for ein lærar at han veit um denne
skilnaden på fyrestellingstyper. Best er det sjølvsagt at
læraren kjenner borna sopass at han veit korleis det er
med kvart eitt i dette stykket. Og er det born ein har
alle år på skulen, so bør ein lærar ha lært barnet so
pass å kjenna. Då vil han ofte kunna rettleia betre enn
han elles kann gjera det. Men framum alt må han vita
at ikkje alle er som han, og ikkje krevja at alle skal greia
det som han tykkjer ikkje er so vanskeleg. Ein optikar

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0082.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free