- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
84

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 8. Samanknyting og framattkalling av fyrestellingar hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

84

og so bed det nemna det ord det fyrst får i tankane.
Dette ordet må det segja so snart det berre kjem på det.
Med eit apparat som er laga til det bruk, kann ein sam*
stundes mæla kor lang tid det tek frå verkeordet vert
sagt, til det framkalla, det reproduserte ordet kjem. På
den måten kann ein då få høyra kva slag fyrestellingar
dei ymse verkeord fyrst kallar fram hjå dei ymse born,
og kor lang tid det går i dei visse tilfelle fyrr svarordet
kjem. Nokre av dei svar desse etterrøknader har gjeve,
skal me taka med her.

Abstrakte verkeord kallar ofte ikkje fram nokor fyre*
stelling hjå barnet. Tanken står plent still. Det kjem
vel ofte av at barnet ikkje skynar ordet. Mange born or*
sakar seg og i tilfelle med at dei ikkje skynar ordet. —
Men jamvel um eit barn kann gjera greie for kva som ligg
i ordet, so vert det ikkje reprodusert nokor fyrestelling.
Helga Eng fann at umlag femteparten av dei abstrakte
verkeord ho prøvde med, kalla ikkje fram nokor fyre*
stelling hjå born i 10—14*årsalderen. — Det var helst
med dei yngste born det gjekk soleis, at dei ikkje kom
på nokon ting. Og so i det heile med dei minst evne*
rike. Framkalling av fyrestelling av abstrakte verkeord
tek tydeleg til i same mun som åndsvoksteren stig i
det heile.

Konkrete verkeord dreg umlag alltid etter seg ei ny
fyrestelling. Det kann henda at sers lite evnerike born
ikkje kjem på noko då og, jamvel um dei skynar ordet.
Men det er so sjeldan at det ikkje er nemnande.

Framkalling av ny fyrestelling tek umlag alltid lenger
tid dersom verkeordet er eit abstrakt ord enn um det er
eit konkret. Framkallingstida er lenger. Ho vert og stut*
tare (i det store og heile) etter kvart borna vert eldre.
Helga Eng fann soleis:

4. klassen, alder kring 11 år, framkallingstid for kon*
krete ord 2,159 sek., abstrakte ord 4,281 sek.

7. klassen, alder kring 14 år, framkallingstid for kon*
krete ord 1,489 sek., abstrakte ord 2,515 sek.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0086.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free