- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
95

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 9. Ansing eller åtgaum hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

95

der på gata utanfor vindauga. I ei slik stund er ikkje
verda vid i tankane hans. — Småborn har alltid lag til
å gapa litegrand når dei fylgjer godt med i noko som
går for seg eit lite stykke burte. Det kjem so tydeleg
fram på fotografi av småborn. Dei er so upptekne av
fotografisten og det han steller med og syner dei, og då
er det umlag naturgjeve at dei kjem til å sitja med gap*
ande munn.

Minespel og kroppsrørsler i det heile kann vera ikkje
berre eit vitnemål um at barnet er gaumsamt. Dei kann
og vera eit merke på at barnet er barn endå. Ein vaksen
kann fylgja like so skarpt med som eit barn, men han vil
ikkje stå med gapande munn um han ser på noko han
vil kjøpa. Heller ikkje vil han røra hovudet i takt med
fingrane og mulla bokstavnamnet halvhøgt etter kvart han
skriv ljodteiknet. Dersom ein vaksen ber seg åt soleis,
so vil me straks tenkja at han er eit menneske som ikkje
er kome langt i åndeleg vokster. Han er i so måte eit
barn.

Born som er fåmingar, syner oftast sers lite åtgaums*
rørsler. Hjå reine idiotar (tullingar) vantar dei ytre
merke på åndsarbeid heilt.

Etter kvart som barnet vert eldre, vil det vera ymse
rørsler me no har tala um, som ein ser mindre og mindre
til, jamvel um det er aldri so åtgåigt. Alt dette kropps*
arbeidet øyder kraft. Og det er ei hindring for ånds*
arbeidet. Det er soleis vitugt å øva seg til å arbeida
med tankane utan at det får draga etter seg so stor
kroppsspaning. «Alt overmål av motorisk spaning står
i vegen for at det åndelege arbeidet kann lukkast. Det
er gagnlaust burtklatta energibruk», skriv Meumann.

Det er sume som meiner at visse rørsler eller spa*
ningsmerke kann verta nytta til å øva upp åtgaum hjå
eit barn som er vimsut og uroleg og ikkje har lag til å
samla tankane. Det har vore prøvt å øva fåmingar til
å sjå ut som var dei ansige ei tid for det fyrste: knipa
munnen saman, halda hovudet roleg og stira fast ut i

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0097.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free