- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
96

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 9. Ansing eller åtgaum hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

96

romet t. d. Slike øvingar skal ha ført til at det seinare
har vorte råd å få vedkomande til å verkeleg halda
tanken fast på eit emne, og ikkje berre sjå tankefull ut.

Dei ytre merke på ansing fortel oss oftast berre at
barnetanken er i arbeid med noko. Men kva emne barnet
syslar med, det er ikkje godt å vita. Ofte er det «fra*
mande tankar» det er mest uppteke med, når læraren
gjerne vilde det skulde leggja vel merke til det han tala
um. Men det er ofte heilt andre ting som set barnet i
arbeid.

Det er helst dei sansekjenningane som barnet har nett
i augneblinken, som avgjer kva barnetanken er sysselsett
med. Me veit alle kor lite det skal til fyrr barnet sluttar
med arbeidet det held på med, og ser ut glaset, kanskje
og spring burt til vindauga um det har høve til det, der*
som det høyrer ståk ute på vegen eller på gata. — Det
er og ei kjend røynsle at det er lettare å få barnet til
å fylgja med um ein kann visa fram eit dyr t. d. eller
syna ei teikning av dyret, enn um ein berre fortel um
dyret. Sansekjenningane er sterkare enn fyrestellingane,
og dei har meir makt over barnet.

Barnet har og so lite fyrestellingsforråd. Me vaksne
er mykje rikare i so måte. Og det gjer at barnet og den
vaksne kjem til å vera so ulike ofte. Um me vaksne
får eit arbeid som er mykje skiftelaust, so kann me sysla
med slikt arbeid lenge og ikkje leggja merke til kor kei*
samt det kann vera. For medan me held på med dette
arbeidet, so kann me taka fram i tankane det eine minnet
etter det andre. Det er med minneskatten vår me er
upptekne. Arbeidet elles greier me utan å tenkja på
det. Ja me kann setja oss i skumringa um kvelden og
berre taka fram for oss minneblad etter minneblad. Me
veit ikkje kor snart tida går i ei slik stund. Og me
tykkjer det er det gildaste me kann gjera å sitja so og
drøyma. Men soleis er det ikkje for barnet. Eit skifte*
laust arbeid vert dobbelt keisamt for barnet. Det har ikkje
so mange minne å taka til hjelp og friska seg upp med.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0098.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free