- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
98

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 9. Ansing eller åtgaum hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

98

mælarar. Læraren står i skulestova og greier ut eit rekne*
stykke. Det er so um å gjera for han å få borna til
å forstå dette stykket. Og han gjer det so klårt at
jamvel ein tulling måtte skyna det, tykkjer han. Men
denne utifrå gode logiske tankeføringa hans høyrer ikkje
ein gut nede på ein av benkene stort av. Han er meir
uppteken av sjølve læraren i denne stunda: korleis læra*
ren går og står, um han kvin eller han brukar basmæle
når han står der og legg ut, um han fiktar med armane
og grin og rister på hovudet, um han ser ut til å vera
blid eller sinna, um han ser ofte på klokka, um det er
noko rart med klæda hans idag o. s. b. Ein gut kom
heimatt frå skulen ein dag og hugste ikkje kva dei hadde
havt for seg i bibelsoga den dagen, for læraren hadde gått
med ein stor kolflekk i bibelsogetimen. Han hadde stelt med
omnen litegrand og hadde so i tankeløyse vore uppe i
andletet med dei kolute fingrane. Og denne kolgrima
hadde guten vorte mykje meir uppteken av enn av alt det
læraren hadde sagt i bibelsoga.

Kjensla har so ovmykje å segja når det spørst um
kva barnet har åtgaumen sin vend mot. Det som grip
barnet, anten det er sorg eller glede, det krinsar barne*
tanken um so lenge kjensla er levande. Den sjølvminte
åtgaumen er difor den naturlegaste for barnet. Men å
tvinga seg til å fylgja med i noko det ikkje liksom
sjølv-gjeve må tenkja på, det feil ovleg tungt. Og um det
skal freista, so vert det berre småstunder det lukkast. I
eitt vekk er tankane burte og arbeider med noko anna
att. Kunde me få mæla kor lang tid eit barn verkeleg
fylgjer med i undervisninga ein slik time då det skal
tvinga seg til å høyra etter, ja då vilde me visst sjå det
me fyrr heldt for utruleg. Det er no so at i mange til*
felle sky nar barnet slett ikkje kor um å gjera det er at
det fylgjer godt med. Det har forlite vit og skyn på sitt
eige beste. — Det har og ein veik vilje, eller i alle fall
ein vilje som er lite uthaldande. Men no er det nettupp
ein sterk og uthaldande vilje det spørst um når det gjeld

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0100.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free