- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
101

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 9. Ansing eller åtgaum hjå born

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

101

etterrøknader med det formål å koma etter um det er råd
finna litegrand visse reglar for kva barnet fram gjenom
åra helst har lag til å leggja merke til.

Det ser ut til å vera tvillaust det, at til barnet er
5—6 år legg det lite merke til stort meir enn berre det,
at det er ein stol, eit bord, ei fluge, ein marin, ein stein
o. s. b. det har sansemelding um i eit visst tilfelle. Barnet
legg berre merke til kva slag tingen høyrer til. Det vert
ofte kalla substanssteget hjå barnet.

I 6—7*årsalderen tek og barnet til å ansa på arbeid
eller verksemd. No kann barnet segja når det ser eit
bilete: hesten dreg plogen, fuglen fyk, mannen skriv brev,
guten leikar med hunden, kua et gras. Dette vert gjerne
kalla verksemdssteget eller aktionssteget hjå barnet.

Frå 10*årsalderen byrjar og barnet å ansa noko på
kva eigenskapar eller sermerke dei har dei ting det har
for seg. Og umlag på same tid kann me og sjå prov
for at barnet tek til å leggja merke til tid og rom og
årsak og verknad. Barnet kann segja: kua kjem ut or
fjøset; ho har horn og er svart på let. Katten ligg på
dørhella; han held i klørne ei mus som han har drepe.
— Dette har sume vitskapsmenn kalla kvalitets*relations=
steget hjå barnet.

Etter kvart barnet vert eldre, so vil det koma til å
sjå ei sak eller ein ting frå fleire og fleire sider. Når
det møter noko i livet, so vaknar det i barnesjela so å
segja med ein gong fleire tankar di eldre barnet er. Upp*
levingane vert rikare på innhald, og barnet får ei tyde*
legare og tydelegare forståing av kor mangslunge livet er.

Men åtgaumen vert alltid utveljande, jamvel hjå dei
vaksne. Ingen legg merke til alt- det livet gjev høve til å
læra å kjenna. Det vert alltid for alle menneske berre ein
og annan ting ein kjem til å taka for seg. Her kjem dei
personlege hugmål og interesser til å ha so mykje å
segja. Um det har professor Ragnar Vogt skrive nokre ord
som eg vil få nytta her: »Det går ein mann med ei korg
ute i skogen og sankar sopp; alle tankane hans er innstillte

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0103.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free