- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
102

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 9. Ansing eller åtgaum hjå born - 10. Barnet sitt mål

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

102

på dette å finna etande sopp. Difor ser han sopp, og
kjem i hug alt som har med sopp å gjera. Dette motiv
er avgjerande for hans verksemd. — Ein annan stad i
skogen går ein ung mann. Han fangar inn solskin og
fuglesong, drøymer um ei strålande ung jente, medan
soppane vert usedde. — Det ruslar og kring ein mammons*
træl ein kallar; han ser på dei ymse spekulasjonsobjekt.
Dei andre kanalar inn til hans sjel er korka godt att.
Endå det er dei same æterdirringar som treffer auga, og
dei same luftbylgjer som slær mot øyra, so ser og høyrer,
tenkjer og ber dei seg åt kvar på si vis«. R. Vogt peikar
nett på det som er det viktugaste å ha for augo her.
Dei vaksne menneske vil i stor mun ha faste hugmål,
tanken vil vera vend mot det same eller i alle fall mot
same kanten alltid. Ein er sportsmann, ein annan jord*
dyrkar, ein tredje kunstmålar, ein fjerde fossejobbar. Og
kvar vil ha stor ansing på det som har noko å segja for
hans serlege hugmål; men det som ligg utanfor interesse*
ringen, vert det lite eller ikkje lagt merke til.

Borna er ikkje som dei vaksne i dette stykket. Dei
har endå ikkje fått slike faste hugmål; dei har ikkje slike
avgrensa interesse*umkverve. Kva stand foreldra høyrer
til, og kva slag arbeid dei har, og ein kann visseleg og
segja kva land dei bur i, so er borna deira meir innbyrdes
åndeleg like enn dei vaksne. Det er difor og helst alde*
ren og den åndsmognad barnet har nått, som er avgje*
rande for kva det vil leggja merke til.

10. Barnet sitt mål.

Fyrestellingane høyrer sjela til. Dei kann ingen sjå
eller høyra eller sansa på nokon måte. Ein kann ikkje
gjenom sansane beinveges få greie på kva eit anna men*
neske tenkjer og meiner. — Men no har me menneske
bruk for å få greie på tankane og meiningane åt kvar*

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0104.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free