- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
107

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 10. Barnet sitt mål

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

107

kring seg og kjenner til og høyrer um dagleg so å segja.
Samstundes lærer barnet og eit og anna gjerningsord.
Nokre få adverb, serleg stadsadverb, kjem og tidleg, t. d.
»der«. Seinare kjem adjektiv, og endå seinare høveord
og bindeord. Ein gut, 16 månader gamal, kunde 8 namn*
ord, 1 adverb (der) og 2 utropsord. Ei gjente, 16 mndr.
gl., kunde 10 namnord, 3 verb, 1 adverb, og 6 utropsord.
— Ein amerikanar granska ordforrådet hjå 12 born i
alderen 19—30 månader. Han fann at 60% av orda var
namnord, 20% verb, 9% adjektiv og 5% adverb. Ein
far fylgde vel med korleis sonen sitt ordforråd auka fram*
over til 3*årsalderen. I 2*årsalderen var 84 % av orda
namnord, i 272*årsalderen 69 %, i 3*årsalderen 46 %• Til
dei same tider var gjerningsorda 6%, 18%, 29%, og
adjektiva 1 %, 5 %, 14 %. Andre etterrøknader stadfester
i det store og heile det biletet som desse tala gjev. Det
er verdt å leggja merke til at utropsord har etter måten
stor plass i barnet sin tale i den fyrste tid; men etter
kvart vert det slag ord mindre og mindre nytta. Plent
det same finn ein i folkemål som er lite utvikla. Der er
og gjerne mange utropsord som vert mykje brukte, men
få ord for abstrakte fyrestellingar.

Pronomen brukar barnet lite i den fyrste tid det tek
til å tala. Det nemner soleis som me veit sitt eige namn
(ikkje eg eller meg); likeins namnet på den det talar til
(ikkje du eller deg). Adjektiv vert og etter måten seint
nytta i barnetalen. Det er berre nokre få adjektiv barnet
lærer andre året, soleis ord for temperaturkjenningar: varm,
kald. Ord for synskjenningar kjem gjerne litegrand sei*
nare: ljos, myrk. Barnet gjer i talen tidleg skil på svart
og kvitt. Jamvel åndsveike born har gjerne lært desse
orda, og brukar dei rett. Etter svart og kvitt kjem raudt,
blått, grønt, gult, brunt. Raudt og blått lærer og borna
tidleg å nemna. Dei andre fargenamna går det seinare
med. Helga Eng prøvde ein klasse folkeskuleborn i Kri*
stiania (7 — 772 år gl.). Kvitt og svart greidde alle, blått

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0109.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free