- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
109

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 10. Barnet sitt mål

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

109

reglar eller bøygningsmønster i tankane hjå barnet. Difor
bøygjer det alle ord av same slag på same måten. Un*
dantak frå bøygningsregelen lærer det sist. Det ser ein
so tydeleg med t. d. gradbøygninga av adjektivet: grøn —
grønare — grønast, varm — varmare — varmast og difor
stor — storare — storast, lang — langare — langast.

Som me ser og veit, sermerkjer barnet sitt mål seg
ikkje berre med at det er ordfattigt, men og formfattigt.
Difor kann ein heller ikkje alltid skyna kva barnet meiner
utan at ein høyrer ordet av barnet sin eigen munn og
under dei ytre tilhøve som gjer at barnet då brukar
nett det ordet. Ordet må ikkje verta rive ut av sitt
grannelag, sitt milieu; ellers vert det uskynleg. Det må
gå frå munn til hjerne med ein gong. Det kann endå
vera so at ein stundom berre kann gissa seg til kva barnet
meiner.

At det stundom kann vera so vanskeleg å skyna kva
barnet meiner, heng mykje saman med at det ofte brukar
berre eit einskilt ord, men meiner ei heil setning. Det
er alltid tilfellet i den fyrste tid, og det held fram med
det rett som det er, i lang tid. Barnet segjer t. d. »skål«
(so godt som det kann makta det då). Med det ordet
kann det meina: der er skåla; eg vil ha skåla; gjev meg
skåla; skåla datt ned; storebror tok skåla; kvar er skåla
o. s. b. Orda i den tidlegaste barnetalen er ikkje umgreps*
ord soleis som me vaksne kjenner same orda frå vår
tale. I barnetalen er dei setningsord. Barnet gjer endå
ikkje skil på tingen og det som det ynskjer skal verta
gjort med tingen, eller det tingen skal tena til eller kanskje
gjera sjølv. I røynda er det so at dei fyrste orda barnet
brukar, dei høyrer ikkje til nokon ordklasse. Eit ord i
barnet sin tanke og tale er både namnord og gjernings*
ord og snart sagt alle slag ord. Talen vert ikkje til på
den måten at barnet har fyrst ymse einskilde umgrep
eller fyrestellingar som det brukar ord for, og so knyter
det medvitande desse fyrestellingane — og med det og orda
— saman som subjekt, predikat, objekt t. d. Nei barnet

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0111.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free