- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
111

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 10. Barnet sitt mål

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

111

Barnet har ei tid ingen tanke um korleis ordstillinga
skal vera. Kva ordstilling det då brukar er reint eit
slumpehøve. Men eit slag grunn har vel barnet for det
val det gjer, um det ofte ikkje er råd å finna han. Men
stundom er det ikkje vanskeleg å få augo på noko som
truleg har mykje å segja. Det ord som barnet serleg bryr
seg um eller tenkjer på når det segjer noko, kjem gjerne
fyrst i setninga. No lever barnet mest med i det som
hende r eller som det tenkjer seg skal henda. Og difor
vil ein ofte finna, at gjerningsordet vert teke fyrst: få
mama, (s)k(v)iv papa, sit{ja) mama, (s)p(r)ing katta er vel*
kjende setningsformer i barnetalen.

Dei fyrste setningane barnet lagar, tolkar helst kva
barnet vil eller ynskjer. Dei er viljesetningar. Mykje sjeid*
nare er dei forteljande. Men det og hender av og til. Og
i det tilfelle er dei positive. Barnet fortel um kva som
hender eller som det veit har hendt. Forteljande setningar
av nektande innhald kjem fyrst noko seinare. — No er det
ikkje so at barnet ikkje brukar »nei« i den fyrste tid det
tek til å tala. Me har alt nemnt at »nei« er svært vanleg
i barnet sin munn (diverre, kunde ein ofte vera freista å
segja). Men desse »nei« er viljesetningar og ikkje noko
meir. Barnet vil ikkje ha eller gjera noko som det nett
då tenkjer på. »Nei« i skildrande eller forteljande set*
ningar kjem seint.

Spyrjande setningar kjem heller ikkje tidleg (fyrst i
tredje året). Spursmåla gjeld helst »kvar«. Kvar er
mama, kvar er dokka? Spursmål um årsak kjem seinare
enn spursmål um noko i romet. Sume har funne at
jamvel hjå fire*årsgamle born er spursmål um årsak
sjeldne. Men endå seinare tek barnet til å spyrja um
tid. Det kann einast vera um noko som det ventar skal
koma eller henda nett i augneblinken. Kjem ikkje mama
no? Men det er ikkje då heller sjølve tida som barnet
bryr seg um. Det er sjølve hendinga. Fyrr barnet er
4—5 år, vil ein ikkje ofte høyra det spør um »når« (i
framtida) noko vil henda, eller »kor lenge« noko vil vara.

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0113.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free