- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
113

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 10. Barnet sitt mål

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

113

mora sitt mål (og heller ikkje faren sitt) barnet får til
»morsmål«, det er leikarborna sitt mål. Serleg gjeld det
ljodverket og ordformene i målet. Og so faste talemåtar.
— Um vestlendingar flytter til Trøndelag, og dei talar
vestlandsmålet sitt aldri so ubrigda sidan som fyrr, so vil
borna deira um ei tid tala det trøndermålføret som er
bruka på den nye bustaden. I alle tilfelle vert det so
med dei yngre borna. Og so mykje snarare vil ein få
høyra det dersom borna får mange leikesyskin som dei
held seg mykje saman med. Di yngre barnet er, di lettare
går målførebytet for seg. Er eit barn ein 4—5 år gamalt,
so lærer det kanskje ikkje ein vanskeleg ljod som er
bruka i målføret på den nye bustaden. Eit 4—5 år gamalt
barn får ikkje gjerne tjukk »1« i målet sitt, har det ikkje
havt han fyrr.

Fyrr barnet kjem på skule, må det få ordforrådet
sitt frå dei vaksne sitt mål, eller i det heile frå det ord*
forråd dei har dei som barnet er saman med. Og orda
får innhald frå det barnet upplever, frå det det høyrer og
ser kring seg. Me skynar det vert eit ulikt ordforråd dei
ymse born då kjem til å møta på skulen med. Og same
ordet kann hjå dei ymse born ha ulikt innhald. Det
kann kalla fram ulike fyrestellingar. Dei er visst mykje
ulike dei bilete som stig fram for tanken hjå dei ymse
born når dei høyrer ordet heim nemnt. Eller når det vert
sagt at Gud er ein far åt oss.

Når det spørst um å velja dei beste ord for tanken,
og å bruka dei rette ordformer, og å knyta orda saman
til setningar, so har det og ovleg mykje å segja kva barnet
har høyrt og kva det har vorte vant til. Dersom barnet
vert halde til å tenkja seg um fyrr det talar, og det vert
vant til å leggja merke til kva det segjer, og retta på
mistak som det sjølvsagt ofte gjer, so hjelper det visseleg
mykje til at barnet etter måten tidleg kjem til å ordleia
seg godt. Men her gjeld det å bruka pedagogisk skyn*
semd. Ein må ikkje krevja meir enn barnet kann makta.
Og so må ein ikkje masa med barnet so det vert skjelv*

Nordeide : Frå barn til vaksen. 8

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0115.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free