- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
115

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 10. Barnet sitt mål

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

115

kjem ein utum det som barnet soleis kjenner til frå
heimen sin, og serleg dersom det spørst um ord for
abstrakte fyrestellingar, so står barnet fast endå. — Barnet
talar endå helst i hovudsetningar. Mange born brukar
lite bindeord millom setningane, og ymse ord tek det
uppatt so talen vert tatlen og liksom stammande. Helga
Eng gjev denne prøva etter ei 71/2 år gamal gjente som
skulde ha bra evner, men var noko uroleg og anslaus.
På spursmålet: »Kann du gjera noko sjølv ?« svara ho :
»Nei. — Bare dokkehode, kan setta på, jeg syre fast.
Ogsaa sy — jeg dokkeklær — også luer også, lært av
mama, luer. Også kan jeg gjøra istand dukkeskrott. Syr
isammens. Også kan jeg gjøra ben — hender — bara
syr døm isammens. Kan jeg gjøra hode. Også kan jeg
sy jakke. Jeg bare klepper til — mama klepper til —
også syr jeg — knapper i og det. Også skjørt. Jeg
bare klepper, og sette — jeg hekter i, små hekter i.«
Ein 71/2 år gamal gut, sers evnerik, svara på same spurs*
målet: »Har sydd no noen ganger. Sydd så teppe der
— te Solveig — lite teppe — da jeg var mindre — for
lenge siden. Blev så stygt så. Jeg sydde med maskin.
Så ga jeg a det — hun har det til dokka si på vogna.
Så stor den vogna så. Kan ligg — i a sjøl.«

Ein 8 år gamal, åndsveik gut svara: »Nei. — Planker.
Spiker. Banker dem fast.«

Ei 71/2 år gamal gjente, lite evnerik, svara : »Nei, —
aldri gjort no, jeg. Lagde filledokke. Tok filler også
lagde hode og ben og armer. Skrott. Vedstol. Tar sånne
pinner. Lager rygstøtte. Kanter og — ben. Spiker fast.«

I nokre slike målprøver etter 12 born i 71/2- 8*års*
alderen fann Helga Eng 69 % hovudsetningar, 23 % ufull*
komne setningar og setningsord og kring 8 % underset*
ningar. Av setningane var 53 % sideordna utan bindeord,
og 30 % var knytte saman med »også« eller »så«. Andre
bindeord er ovleg sjeldan bruka. Subjektet var i 38 %
av setningane sett etter predikatet, og i 32 % utelate.

Den talen det 7 — 8 år gamle barnet brukar, vitnar

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0117.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free