- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
120

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 11. Minne og hugs

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

120

var mest alt so mykje betre enn det er no. »Den gang
da jeg var pike, da var det piker til«. Det som var gildt,
vert so ovgildt; og det som kunde vera mindre bra,
har dei mest gløymt.

Det har vore gjort mange vitskaplege etterrøknader
med det formål å koma etter kor trutt minnet er. Det
kann verta gjort på ymse måtar. Tvo—tre menn 1. d.
har avtala og innøvt kva dei skulde segja og gjera i eit
møte der mange var tilstades. Dei skulde bera seg soleis
åt at folk måtte leggja merke til det. Ja ikkje berre
det. Det måtte forhøyr til med vitneførsle o. s. b. Dei
som vart kalla inn til vitne, visste ikkje det minste um
at det berre var eit slag spelstykke dei hadde vore vitne
til. — Slike eksperiment har vist at umlag ingen fortel
heilt sant. Og dei ymse vitneutsegner er so ulike, at knapt
nokon skulde fyreåt ha tenkt ein kunde få høyra noko
slikt. Og endå var vitna kanskje vaksne, vituge og ål*
vorlege menneske. Den namnspurde franske vitskapsman*
nen Alfred Binet meinte, at ein kann med visse gå ut
frå at 25 % av det som vert stadfest med eid for retten,
er objektiv usanning. Kjem noko serleg til: vitna har vore
skræmde eller mykje uppskaka då hendinga bar til, eller
seinare har det vorte ei viss folkemeining um korleis til*
burden må ha vore, men denne meininga treffer til å
vera gal, ja då vert vitneutsegnene ovleg upålitelege.
Desse røynslene syner, at både evna til å leggja vel merke
til kva som verkeleg hender, og korleis det går til i eit
visst tilfelle, og evna til å bera på fyrestellingane ubrigda,
dei er slett ikkje å lita heilt på, jamvel hjå vaksne
menneske.

Minnet hjå dei ymse menneske kann vera ulikt på
fleire måtar. Me har tala um truskapen; me kann og
nemna snøggleiken. Sume kann minnast godt det dei har
høyrt eller set berre ein einaste gong kanskje. Eller dei
treng i alle fall ikkje taka det uppatt ofte fyrr det sit fast.
Andre kann måtta arbeida lenge. Det ein lærer med å

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0122.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free