- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
121

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 11. Minne og hugs

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

121

lesa det uppatt 20 gonger, må ein annan lesa 40 og ein
tredje kanskje 60 gonger fyrr det sit fast i minnet.

Til denne ulikskapen når det gjeld å læra, kjem
so den, at sume kann lett få fat i dei fyrestellingar dei
gøymer på. Andre går det arbeidet so tungt for. Og
dei vert difor so seinføre mot so som sume kann vera.
Men det er ikkje visst at den som lærer seint, og er sein
til å få fat i det han veit. Det kann vera ymse med det.

Den som lærer snart, (treng få uppatMakingar) han
gløymer ofte snart og. Den som lyt lesa både vel og
lenge, han hugsar gjerne lenge det han tilsist får inn.
Ein fast regel kann ein ikkje segja dette er, langtfrå det,
men det er ofte tilfellet.

Minnet kann og ha ymse vidd hjå dei ymse menneske.
Sume kann få ei mengd med ulike fyrestellingar til å
sitja fast i tankane til ei og same tid; andre har det so
at hjå dei vil den eine fyrestellinga jaga den andre ut.
Minnet rømer ikkje mykje på same tid.

Minnet er ikkje berre eitt slag. I røynda er det so
at det er mange slag minne. Sume hugsar godt tal, andre
namn t. d. Meir å leggja merke til er det kanskje, at
sume har lettast for å gøyma på fyrestellingar um syns*
kjenningar, (optikarane), andre um høyrslekjenningane,
(akustikarane) og endå andre um rørslekjenningane, (moto*
rikarane). Det er beint fram rådlaust å rekna upp alle
ymse slag minne. Det ser ut til å vera like mange som
det er ymse slag fyrestellingar. Um ein har godt minne
for tal, so kann han ha eit dårleg minne for namn. Det
er få som har godt minne for alle ting — i alle fall ikkje
like godt.

Me har no peika på ymse serlag ved minnet i det
store og heile. No skal me sjå litegrand på korleis det
er med minnet hjå born.

Kor tidleg tek barnet til å minnast? Det er det ikkje
råd å gjeva noko visst svar på. Men ymse ting tyder på
at eit barn tidleg tek til å kjenna att t. d. mjølkeflaska
det får drikka av. Og det er og eit slag minne. Ein

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0123.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free