- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
124

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 11. Minne og hugs

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

124

brukført enn minnet for høyrslefyrestellingar. Det er nok
ei vanleg røynsle det, at det er lettare å få born til å
fylgja godt med når ein arbeider med noko der dei serleg
får bruk for synsfyr est elling ar, enn um ein vil freista
sysselsetja dei med noko der dei helst får bruk for høyrsle*
fyrestellingar. — 2. Tal og abstrakte umgrip i det heile høyrer
ikkje med til dei ting som barnet har lett for å arbeida
med; tvertum. Talminnet er og etter måten det veikaste,
jamvel då barnet går ut av folkeskulen. 3. Sist av alt kjem
minnet for kjensleupplevingar. Kanskje er det ofte me
vaksne ikkje tenkjer på, at barnet ikkje har givnad til å
skyna oss, når me talar um det mangslungne kjensleskiftet
me kann ha. »Born er realistar«, segjer Ernst Meumann,
»og dei held seg til sanseskynlege, serleg synlege ting.
Minnet for størsteparten av dei finare og høgre sjelerørsler er
ovleg veikt i yngre år — til kring 13*årsalderen.« Andre pe#
dagogar og vitskapsmenn har og kome til det, at fyrst med
pubertetsåra kjem minnet for kjenslerørsler med nokon
styrke. Både givnaden til å uppleva djupe kjensler og
å minnast slike upplevingar, får den unge på ein måte
då (i pubertetsåra) som aldri fyrr. Kanskje er det i serleg
mun tilfellet med gjentene.

Um minnet i det heile kann ein segja at det veks
rykkevis. Stundom ser det ut til å stå stilt, ja beint fram
gå tilbake. Det ser ut til at minnet hjå born tek etter
måten mest til frå det 10. til det 12. året. I det fjortande
og femtande året veks ikkje minnet noko nemnande. Hjå
sume går det heller tilbake desse åra. — Dei ymse slag
minne veks heller ikkje i like stor mun kvart år. — Til
9*årsalderen hugsar gutane i det store og heile betre enn
gjentene^ Men so vinn gjentene, og dei held overtaket
til 14*årsalderen. I det 13. året er skilnaden størst. Etter
14*årsalderen er gutane gjerne ein grand betre til å hugsa
enn gjentene. Men mange meiner at etter 16*årsalderen
att hugsar kvinnene fullt so godt som mennene — ei tid
utover i alle fall.

Når me talar um minnet, so er det tvo ting me må

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0126.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free