- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
131

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 11. Minne og hugs

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

131

den åndelege latskapen, ikkje høver saman med det til*
stand som ein upplever, ’når ein held på å prenta noko
fast i minnet, det ser ut til å vera mest sjølvsagt. Og at
ein greier mindre og mindre å bruka energi, di meir ein
ven seg til eit viljelaust flagreliv, det er visseleg og berre
naturleg.

At eit godt minne er ein stor åndeleg rikdom, det
er noko me skynar alle. Utan minne vilde me ikkje kunna
læra av dei røynsler livet gjev oss. Og til mest alt slag
åndeleg arbeid får me bruk for å hugsa. Men skal
minnet verta oss til mykje gagn, so må me og ha givnad
til å bruka det. Eit godt minne utan vit og skyn, utan
intelligens, vilde vera liten mun i. —

No er det sers ofte, at det barn som har fått godt
minne, det står og høgt so å segja i alt det som det
vert lagt serleg vekt på i det vanlege skulearbeid. — Og
frå soga veit me og, at det vert fortalt um mange av dei
som har fått eit stort namn der, at dei hadde eit uvanleg
godt minne. Men ein kann lel ikkje setja det gode minnet
upp som avgjerande kjennemerke for det serleg evnerike
menneske i det heile. Ein kann nok segja, at den som er
utrusta med so godt skyn at han vert rekna for ein gløgg
elev, han hugsar og godt. Røynsla stadfester det. Det er
undantak, det er so. Binet fann i ein klasse at den
klokaste eleven der, han hadde og det dårlegaste minnet.
Eg har og fleire gonger havt å gjera med ungdomar, som
har vore over det vanlege når det spurdest um å greia
ut eit emne og knyta tankane saman so det vart ei logisk
tankeføring; men dei har ikkje havt lett for å hugsa.
Diverre kjem slike oftast til kort ved dei vanlege eksamens*
prøvene, medan dei med det gode hugset kjem til å lysa
som stjerner. Men i livet kjem det ofte fram, at mange av
desse eksamensljosa dei hadde berre lånt ljos å fara med.
Når dei ikkje kunde få ljos andre stader frå og so
berre sende ut att noko av det, so såg dei myrke ut.
For so var dei i seg sjølv. — Men etter måten so er det
vel lel ikkje ofte å treffa slike som har serleg god tenkje=

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0133.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free