- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
133

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 12. Barnefantasien

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

133

I dei nye er då leder som alle saman er tekne frå dei
fyrste, dei gamle ; men ledene er sette saman på ein annan
måte enn me veit um frå noko av det me har upplevt
fyrr. Evna til å laga slike nye fyrestellingar kallar me
fantasi.

Barnet har og fantasievne. Det er ikkje tvil um at
barnet tek til å drøyma når det er 9—10 månader
gamalt, kanskje fyrr og. Ein 9 månader gamal gut lo høgt
i svevnen ein gong, fortel dr. Lay. Då denne guten var
10 månader, greip han etter augo på eit bilete han vart
synt, på same måten som han greip etter augo på ein
leikekatt han hadde. På fleire måtar var det tydeleg å
skyna at han kjende eit andletsbilete på augo. Andre
kjennemerke såg han nok helst burt frå. 11 månader
gamal sa han «bs*bs» då han såg biletet av ein katt,
nett likeins som han brukte å gjera til ein verkeleg katt
dei hadde i huset. Nokre dagar seinare kjende han att
ymse dyr jamvel um han fekk sjå berre sers lite full*
komne bilete av dei. — Dette tyder altsaman på ei ut=
fyllande fantasievne.

I *den 11. månaden tok denne guten og til å syna
tydelege merke på samansetjande fantasiverksemd, segjer
dr. Lay. Soleis prøvde han ein dag å fella eit lite stykke
som han hadde klipe ut or eit appelsinskal, innatt i holet.

Alt i siste parten av fyrste året kann ein tvillaust
sjå ymse døme på vaknande fantasi hjå barnet. Ut
gjenom andre året, og endå meir i tredje og fjerde året,
vert det so mykje oftare og tydelegare å sjå merke på
slikt arbeid. Barnet kann no t. d. finna augo, munnen,
øyro o. a. på eit bilete av menneske eller dyr, og peika
på rette plassen. Det leikar med leikene som var det
levande skapningar det hadde å gjera med. Det matar
dokkene, vaskar og voggar dei. Ein trekjepp er hund, og
han bit og er sinna, eller han legg seg på golvet og vil verta
kjælt. — Barnet set nokre strek med ein blyant på papi*
ret, og det er mama eller papa eller veslebror. Eller det

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0135.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free