- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
134

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 12. Barnefantasien

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

134

teiknar hus på same symbolske måten; det set eit par
strek til skorstein, og eit boge strek upp frå pipa er røyken.

Barnet er sjeldan so i lag som når det får leika
som det sjølv har hug til. Maria Montessori har rett når
ho segjer, • at ein lærer i røynda ikkje barnet å kjenna
dersom ein berre ser det når det sit inne i ei skulestove.
Nei lat ein gut koma burt i ein sandhaug og rota, eller
lat han få demma upp vatnet burte i ei lita elvesikl og
riva ned demninga att so vatnet fløymer utover, då likar
han seg. Og i slike stunder ser me barnet for oss som
det er.

Me har tala fyrr um at barnet har lag til å setja
fyrestellingane sine i verk dersom det på nokon måte er
råd. Fyrestellingane dreg soleis so ofte etter seg synlege
rørsler. I leiken får barnet høve til å bruka fantasien
sin. Og straks synleggjer det desse fantasibygnadene sine
gjenom det kroppsarbeid som det tek til med. Legg me
merke til barnet sitt arbeid i slike stunder, so kann me
lesa oss til den fyrestellingsverksemd som går for seg i
barnesjela, um so ikkje barnet kann fortelja oss noko um
henne i ord.

Barnet leikar på ein måte når det diktar upp dei
utrulegaste forteljingane og. Her tenkjer me ikkje på at
barnet sitt minne slær feil når det skal fortelja um noko
det har upplevt fyrr. Det me her har for augo, det er
det sermerket ein kunde kalla den barnlege diktarverksemd.
Kven har ikkje høyrt på borna stundom, kva dei kann
finna på og setja saman, helst når dei jabbar med kvar*
andre. Dei reint freistar å vinna på kvarandre med å
setja saman meiningsløyser. — At dei diktar åt kvar*
andre skynar dei godt alle. Det er stilltegjande medgjeve
og samtykt det. Og ingen tek det for noko meir det som
vert fortalt. Men moro finn dei lel i denne ubundne
fantasering, der alle mål som vert nemnde, er hundre
gonger for store, og ingen ting er rådlaust. I so måte er
det plent som i eventyret.

Sume meiner at barnet stundom diktar med tanke på

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0136.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free