- Project Runeberg -  Frå barn til vaksen /
135

(1919) [MARC] Author: Søren Nordeide
Table of Contents / Innehåll | << Previous | Next >>
  Project Runeberg | Catalog | Recent Changes | Donate | Comments? |   

Full resolution (JPEG) - On this page / på denna sida - 12. Barnefantasien

scanned image

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Below is the raw OCR text from the above scanned image. Do you see an error? Proofread the page now!
Här nedan syns maskintolkade texten från faksimilbilden ovan. Ser du något fel? Korrekturläs sidan nu!

This page has never been proofread. / Denna sida har aldrig korrekturlästs.

135

å stella til eit slag grunn eller ei årsak til noko det
kjenner frå natur= eller menneskelivet. Ein engelsk
psykolog fortel at eit 31/2 år gamalt barn såg ein mann halta,
og so sa det: «Denne stakkars mannen har site på ein
stor hest, og har so dotte av og slege foten sin på ein stor
stein.» Tyskaren Groos nemner at ein tysk gut laga ein
gong denne soga: «I Nordberlin går harar og småhun*
dar på hustaka. So kom ein telefon, ei lang line veit
du, og på den gjekk dei so til Stuttgart. Soleis er dei
komne til oss.» — Eg veit ikkje um dette er noko meir
enn vanleg gutejabbing. Eg trur helst det ikkje er det.
I alle fall er det ovleg sjeldan å høyra at born diktar
upp noko av noko slag drift til logisk tenkjing. Det van*
lege er, trur eg, at slike barnediktverk har sitt upphav i
ein trong til vill fantasering. Det er berre det å arbeida,
å finna på noko og setja saman, det er det som barnet
kjenner slik trong til og som det tykkjer er so gildt. Det
er ein leik og ikkje noko meir.

Kva er det som sermerkjer barnefantasien ? Her vil
eg fyrst nemna det at barnet levandegjer eller personleg*
gjer mest alt som det tenkjer på. Nokre strek er levande
dyr og menneske. Leiketyet likeins. Dei livlause ting
tenkjer og talar, er velviljuge eller uviljuge, glade eller
sorgfulle, sjuke eller friske plent som born. Barnet ånde*
leggjer alt på sin måte. Det legg ei tankeverd inn i dei
ting det har for seg.

Dei fantasibygnader barnet lagar, svarar til eit liv i
verksemd. Det hender alltid noko i det som barnet tenkjer
seg. Det er ikkje eit gjerandslaust tilvere. Og det er heller
ikkje eit liv i nyttelaus gruvling eller drøyming. Barnet
er og sjølv med i dette som går for seg. Barnefantasien
lagar spelstykke. Men hovudrolla gjev barnet seg sjølv
oftast. Ikkje so at barnet er med som barn. Nei barnet
er t. d. ein hund som går på fire og lepjar mjølk og bit
og gøyr. Eller det er mama som held styr på borna
sine og gjev dei løn eller straff, er mild eller streng, etter
det dei har fortent. Har dokka vore snill, so skal det

<< prev. page << föreg. sida <<     >> nästa sida >> next page >>


Project Runeberg, Sat Dec 9 14:31:13 2023 (aronsson) (download) << Previous Next >>
https://runeberg.org/barnvaks/0137.html

Valid HTML 4.0! All our files are DRM-free